Ute flyt lettsnøen sidelengs, eg høyrer på ny musikk på Spotify og lurer på kva eg skal gjere i dag.
Manuset er inne i ein ventefase. På torsdag skal eg møte redaktørvikaren og ei konsulentfråsegn er ventande i desse dagar. Eg er innstilt på knallhard jobbing for å få manuset så godt eg klarer så fort som råd er. Samtidig prøver eg å få det til å losne i ein ungdomsroman eg held på med. Handlinga er lagt til Finnmark, så eg trur eg må reise oppover til sommaren, folk, landskap, språk. Det får bli når våren kjem. Det finst eit hus i ei bygd. Dit vil eg reise.
Enn så lenge kan vi høyre på min nye yndlingssong. Mykonos med Fleet Foxes.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Lykke til med publisering!
Herlig sang!
Finnmark om sommeren er nydelig og friskt! Ja, jeg er jo litt patriotisk siden jeg er født og oppvokst her, er fra Hammerfest og har bodd flere steder i Finnmark. Ta gjerne kontakt hvis du ønsker reisetips :)
Kristin:
Takk for det! Ja, songen var verkeleg nydeleg. Har sikkert høyrt han ti gongar i dag.
Beatelill:
Takk for det! Eg er halvt Finnmarking, sjølv, så eg har nokre gamle familietrakter å oppsøke i aust!
Fy søren så arbeidsom du er, Aina! Du får virkelig skrivefingern ut, altså. Hurra for det! Selv gleder jeg meg til en uke i Terracina - uten å ha for høye forventninger til meg selv. Heller et ønske om å komme hjem igjen med pittelitt nytt materiale, noen sider kanskje, som kan gi meg lyst til å fortsette. God skrivedag til deg!
Å, eg føler meg ikkje fortent til slik ros, Monica! Hugs på at eg berre gjer dette, no, sidan eg har stipend!
Kos deg i Terracina, nyt livet og skriv det du skriv. Eg trur det er viktig å ikkje ha så høge forventningar til ein sjølv! Lykke til!
Legg inn en kommentar