12. januar 2010

Siss og Unn


Kva er vel ei skulejente med stengd munn og høge aksler etter vegen? Rundt kvar sving finst ei skulejente med stengd munn og høge aksler.

(Siss og Unn, Inger Bråtveit)

Då Inger Bråtveit gav ut Siss og Unn i 2008 var eg skeptisk til å lese boka. Tittelen speler tydeleg på dei to hovudpersonane i ei av dei viktigaste bøkene Tarjei Vesaas skreiv, Is-slottet (1963). På ein måte var eg redd for å lese boka. Kva hadde Bråtveit gjort med desse jentene? Kva hadde ho gjort med Is-slottet?

I jula tok eg endeleg mot til meg, etter utallige forsikringar frå andre om at denne boka er veldig fin, at ho er noko heilt eige, at eg ikkje skulle vere redd for å lese henne. Og eg las.

Om natta, i kvar sine byar, bak tjukke vegger, ligg Siss og Unn oppslegne lik to dagbøker, heilt inntil.

Noko er likt i dei to bøkene. Hovudpersonane heiter det same, Unn mistar mor si og flyttar inn hos moster, og Siss heiter Siss. Omtrent der stoppar likskapane. Siss og Unn er ei sjølvstendig forteljing, om mødrer og døtrer, om å klare seg og om å gå til grunne, som det står på baksida av boka. Men ikkje berre det. Det er ei bok om vennskap, om ein sterk kontakt, som ikkje alltid er lett å handtere. Det har ho felles med Is-slottet. Og det er ei fin bok. Ho er i mange passasjar så lyrisk at eg vil lese sakte, igjen og igjen, for å finne ut kva ho løyner for meg og kva ho eigentleg viser.

Det er så stilt i huset, stilt på tunet, berre linerla fyk mellom nov og vegg. Lauvblada flimrar i sollyset, som stig og lyfter seg lik tusen fuglar. Jo, fuglar fyk gjennom lufta opp og inn mot himmelen frå denne no attlatne modermunn.

Eg imponerast over den fine tonen i boka, den sterke oppfordringa til jenter og kvinner om å vere nok i seg sjølve, ikkje late seg kue, ikkje tru dei er mindre verde på grunn av kjønnet sitt.

Kva hjarta til Siss er laga av? Stål og fløyel er eit slikt jentehjarta laga av.

Og eg liker dei lyriske passasjane.

Om natta luktar det grønsåpe og søvn i huset. I mosterveven ligg lepper av lin vove inn. Det ligg munnar og auger i veven, livslinjer og -løgner, som moster, bøygd over veven, med stødige hender har slege inn. Unn skjønar det no, mønsteret var sjølva livslinja, augneblinken, kapsla inn i den tida som neppe kan kallast tidsrom meir. Veven slår, strikkepinnane klikkar, handledda arbeider på spreng, jo; mønsteret har vorte moster sin ævelege tilstand, og Unn skjønar alt meir: No kjem desse lyse nettene igjen då verken jord eller himmel kviler, for stillferdig skjer det ikkje når eit jentehjarta herdar seg for ein dag å kunna opna seg. Nei, stillferdig er det ikkje når mørkret over heimen fell.

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Fint at du tok mot til deg! Ganske modig av Inger Bråtveit å "stjele" Siss og Unn fra Tarjei Vesaas. Jeg er glad du likte boka.

Aina Basso sa...

Eg er også glad eg turte. Og einig i at det var risikabelt av Inger Bråtveit. Men ho er tøff.