15. desember 2009

Julebøkene

Sjølv om pappa har sagt at eg ikkje skal ta med bøker heim til jul i år, fordi vi heller skal bruke lånekortet hans på det lokale biblioteket og låne bøkene våre der (så slepper eg å ha så tung koffert), og eg til ein viss grad støttar dette forslaget, føler eg at eg må ta med nokre bøker likevel. For tenk om dei bøkene eg vil lese er utlånt på det lokale biblioteket, eller gisp! at dei ikkje eingong har kjøpt dei inn!

Difor lurer eg på følgjande:
At eg tek med Ute av verden (Knausgård), som eg trass alt er hekta på. Og at eg også tek med En tid for alt, i tilfelle eg berre ha meir og alt av Knausgård er utlånt på det lokale biblioteket.
I tillegg har eg jo lyst til å lese Deilig er jorden av Marit Tusvik, som eg trass allereie har lånt på mitt eige lokale bibliotek, og som eg har fått fornya til utpå nyåret... så då kan eg vel likeså godt ta med den, òg?

Samtidig gjer det heile meg ørlite trist. For eg likte jo forslaget til pappa. Det er jo noko veldig koseleg over å stikke si vesle hand inn i pappas store og gå på biblioteket for å låne bøker, saman. Sjølv om vi så klart har slutta å halde hender, og mi hand ikkje er så lita lenger, og eg er blitt vaksen og alt det der. Men det er jo koseleg, ikkje sant? Og det er jo aller mest gøy å ikkje ha noko planlagt lesestoff men å berre la fingrane gli over bokryggane i hyllene og kanskje plukke opp noko heilt overraskande!
Så kanskje eg berre tek med éi Knausgård? Kva synest du?

8 kommentarer:

Geir Isaxen sa...

Det ene utelukker vel ikke det andre? Jeg synes du burde ta med deg de bøkene du nevner, OG gå på biblioteket sammen med pappa'n din. Gjerne hånd-i-hånd som i gamle dager. Hørtes trivelig ut, det.
("Mitt" bibliotek er stengt i romjula.)

Lille søster sa...

Lev farlig, ta sjansen på det lokale biblioteket!

Eva sa...

Ta sjansen på det lokale biblioteket, kanskje dei har kjøpt inn noko du ikkje har tenkt på. Elles så kan du bruke det fortrinnelege nettet og sjekke det lokale biblioteket litt på forhånd :-)

Mettemor sa...

Jeg stemmer på pappa! Ta med den ene av Knausgård. Selv om du ikke skulle finne det du leter etter på biblioteket, så finner du mye annet - og kanskje finner du da likevel de riktige bøkene?

Elin sa...

Jeg lurer selvsagt på hvorfor du ikke har eget lånekort på det lokale biblioteket? Det burde du jo ha. Jeg har heldigvis nasjonalt lånekort (anbefales!) som jeg bruker både på dety lokale biblioteket hos mamma og pappa. Noe av det fine med dette er at jeg kan søke i katalogen på nettet og se om de har boka, og så kan jeg eventuelt be dem holde den av til meg, eller til og med reservere den. :-)

Og du, finner du ikke boka du vil lese finner du kanskje ei anna bok? :-)

T. sa...

Ta med deg "Serier som vil deg vel" av Bendik Kaltenborn, splitter ny tegnseriebok og det er ikke sikkert de har den ennå. Vift sakte med den under nesa på far. Blir gøy. T.

Bai sa...

Eg synest forslaget til faren din høyrest veldig fint ut, eg. Du kan jo ta med den boka du held på å lese, men dei andre blir ikkje borte i løpet av jula.

Aina sa...

Elin:
Jau, eg har visst nasjonalt lånekort, eg òg. Men det er jo koselegare å bruke pappa sitt.

Det eg har tenkt litt på sidan i går er at viss eg les ut Knausgård og Deilig er jorden (som eg berre må ta med, med den tittelen), og må levere inn biblioteksbøkene før eg t.d. tek toget tilbake til Oslo ein gong på nyåret, er at eg då manglar lesestoff til alle dei lange togtimane! Og då hadde det jo vore kjekt å ha med 2 x Knausgård. Men eg treng jo ikkje byrje på den andre viss eg ikkje 'må' :)