Eg merkar meg at folk er med på noko som kallast NaNoWriMo, og som går ut på at ein skal skrive 50 000 ord i løpet av november (noko som skal tilsvare ein halv roman?), og som skal vere ein måte å få skrivinga i gang på for dei store hordar av skrivelystne som finst der ute i den store verda. Eg er sikker på at dette er ein god ting som fungerer motiverande for veldig mange, samtidig som eg ikkje kan unngå å vere litt skeptisk til heile opplegget.
Sjølv er eg ikkje med, og har heller aldri vore det. Eg kjenner ein motvilje mot å presse meg til å skrive eit visst antal ord på eit visst antal dagar. Det ligg ikkje for meg. Det er ikkje slik eg vil arbeide med tekst, for meg er det ikkje dette som skaper god litteratur. Eg er redd eg berre vil skrive mykje dårleg, for å kome opp i det rette antalet ord, og kva er vitsen med det? Då rotar ein seg berre ut på ville vegar og må bruke mykje tid på å stryke og nøste seg fram til det vesentlege og gode igjen etterpå.
Kanskje er ein standardroman på 100 000 ord. Eg forheld meg ikkje til antal ord i det eg skriv, med unnatak av avis-spaltene som ikkje skal overstige 3200 eller 3500 teikn. Eg er meir oppteken av å begrense antal ord enn å auke dei. Kva er vitsen med så mange ord? Kan vi ikkje seie det vi vil seie utan å bruke så mykje plas på det? Det som gjer meg mest skeptisk er den tanken NaNoWriMo nedfell i deltakarane om korleis ein skikkeleg roman er, nærare bestemt kor lang han skal vere.
Til samanlikning var Ingen må vite på noko i underkant av 20 000 ord og det nye manuset er etter siste oppteljing på litt over 18 000. Det kjem aldri til å kome opp i 50 000. Eg kjem til å stryke det ned viss det blir så langt. Dette betyr nok at eg aldri kjem til å skrive ein skikkeleg roman. Men det er heilt ok.
Eg kjenner eg er glad eg ikkje visste om NaNoWriMo då eg var ein strøggling skrivelysten. Eg ville fått prestasjonsangst og aldri fått gitt ut noko som helst.
11. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Jeg tror at NaNoWriMo, som så mye annet her i livet, er hva du gjør det til. For noen er det en konkurranse i presse ut mest mulig ord på kortest mulig tid, samme hva det er. For andre, som fx meg, er det noe som dytter meg videre der jeg antakelig ville stoppet hvis jeg hadde gått for egen maskin, samtidig som jeg er fokusert på at det jeg skriver skal ha en viss kvalitet.
Jeg er ikke helt enig i at nanowrimo fronter kvantitet foran kvalitet. Det de sier er vel at for å skrive noe bra, må du ofte skrive mye for å finne de bra setningene. Sluttresultatet må ikke nødvendigvis være kjempelangt. For å skrive noe bra må du komme i gang, og du må tørre å risikere noe, slippe deg litt løs, ikke være så livredd for å skrive noe dårlig at du ikke skriver noenting. De sier ingenting om at en roman må være så og så lang.
Men jeg skjønner at du er skeptisk, jeg syntes også at det hørtes ganske tvilsomt ut da jeg først hørte om nanowrimo. Men etter at stadig flere av mine egne skriveprosjekter rant ut i sanden fordi jeg tvilte og tværet dem i hjel, så bestemte jeg meg for å prøve i år. Og det fungerer. Jeg har kommet langt avgårde på en ide som antakelig bare hadde eksistert i hodet mitt i lang tid hvis ikke nanowrimo hadde sparket meg bak.
NaNoWriMo er neppe noe for alle skrivelystne der ute, men for noen fungerer det utmerket. Også for oss som liker korte romaner :)
Dersom dette er essensen for deg
"For å skrive noe bra må du komme i gang, og du må tørre å risikere noe, slippe deg litt løs, ikke være så livredd for å skrive noe dårlig at du ikke skriver noenting"
og det funkar, er det kjempebra for deg!
Eg seier berre at det finst mange slags litteratur, og ein kan klare å skrive noko veldig bra utan å skrive ein heil roman på ein månad. Det er veldig amerikansk :)
Jeg tror heller ingen som deltar på nanowrimo tror at 50 000 ord på en måned er den beste eller eneste måten å skrive en roman på. Men det er et veldig morsomt eksperiment.
For meg er det å bestemme meg for å skrive 50 000 ord med relativt dårleg tekst, berre for å skvise meg sjølv for nokre handlingar, nokre konsekvensar, nokre tankar og retningar som eg blir nødt til å ta, nettopp fordi eg ikkje går tilbake, ikkre rettar, ikkje arbeider med språket. Det ferdige dokumentet blir ei skisse, eit overslag som seier "slik vil det gå om den og den gjer slik og slik".
Ikkje ein roman.
Og eg rekk jo ikkje 50 000 ord heller. Berre plagar meg sjølv med å vere meir handlingsfokusert enn tekstfokusert ein liten månad.
Avil:
Korleis blir dette i praksis, då? Må du tilbake til start og prøve ut nye handlingsforløp når månaden er over eller treffer du blink på første forsøk?
Legg inn en kommentar