Lysta er større enn kapasiteten.
Ikkje berre har eg ørten ulesne bøker i bokhyllene eg verkeleg har lyst til å lese, helst med ein gong, eg har også fire på nattbordet, og i dag plukka eg søren meg med meg tre av haustens heilt ferske bøker, òg.
Eigentleg betyr dette at eg ikkje skulle ha tid til noko anna enn å lese, men kva gjer eg? Alt anna.
Bøker eg les no:
Genanse og verdighet - Dag Solstad
Sterk sult, plutselig kvalme - Trude Marstein
Bok eg må lese, snart (lesesirkelbok)
Ormens väg på Hälleberget - Torgny Lindgren
Bøker eg har veldig lyst til å lese, helst med ein gong (eit lite utval av alle ulesne eg har lyst til å lese):
Ute av verden - Karl Ove Knausgård (eg må kome i gang med Knausgård)
The Waves - Virginia Woolf
Amtmandens døtre - Camilla Collett
Bøker eg plukka med meg på biblioteket i dag, fordi dei var utstilte og eg har lyst til å lese dei:
Purkene snudde seg - Kjersti Rorgemoen
Norg - Cesilie Holck
Deilig er jorden - Marit Tusvik
I tillegg har eg åtte fagbøker liggande (research til manuset eg held på med), som eg ikkje har gjort meg ferdig med eller i det heile byrja på.
Eg trøystar meg med følgjande: Eg skal snart på reise med både tog, fly og buss. Då plar eg få lese litt.
23. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg gleder meg til å ta juleferie med mykje lesetid. Listene mine blir stadig lengre, dei også.
Eg gleder meg til å høyre om Marit Tusvik si bok - den blei eg også veldig nysgjerrig på, sist eg var innom biblioteket.
Å som jeg kjenner meg igjen! Kan av og til bli nærmest deprimert over alt jeg ikke får lese! Men man må jo leve også..
Ja, huff, dette livet som stadig kjem i vegen for litteraturen :)
Legg inn en kommentar