28. september 2009

Please Mr. Postman

Etter iPodens inntreden i mi verd har mykje fin og kjekk musikk funne vegen (tilbake) til kvardagen min.
Ein av desse er låten Please Mr. Postman med The Marvelettes - endå ei av desse fine Motown-gruppene frå sekstitalet.

Noko som slår meg er kor utdatert denne songen er, om ikkje i bodskap, så i teknologi. I dag måtte han vel heller vere adressert til e-postkontoen din eller mobiltelefonen. Litt trist, eigentleg, det var no igrunnen kjekt å få handskrivne kjærleiksbrev i postkassa.

Det er litt dårleg kvalitet på denne videoen, men som alle originalversjonar er han likevel langt betre enn alle seinare versjonar, sjølv om ein av dei er med The Beatles.

Ingen kommentarer: