30. september 2009

Må ein ha eit eige rom?

Tomas Espedal. Foto: Morgenbladet
Om premissane var annleis.
Ja, då ville vel alt vore annleis, ikkje sant? Men ville det dermed sagt vore betre?

Ein ting mange yndar å trekke fram som ei ubestriden sanning, er sanninga om at ein kvar forfattar må ha sitt eige rom for å verkeleg kunne skrive. Slik har Virginia Woolf skrive det, og slik har mange etter henne kjent det. Eit eige rom. Men kva er dette rommet? Og treng det vere eit fysisk rom?

Eg tenker på dette når eg bevegar meg gjennom den vesle leilegheita mi i hovudstaden. Nokre timar, når eg treng skikkeleg ryggstø, skriv eg ved kjøkenbordet, som eg har slått ut slik at eg har plass til så mykje som muleg, om eg må, eller vil. Andre timar tek eg maskina i fanget og riggar meg til i sofaen. Slik som no. Med ein kopp kaffi, med fin utsikt til gata mi, plenar, gulnande trekroner, sol på asfalt.

Noko som blei trekt fram på ein blogg eg les jamnleg, The Boring Store, var poeten Tess Gallagher som gav frå seg sitt eige skriverom til ektemannen Raymond Carver fordi han elles ikkje fekk til å skrive.

"I et nylig publisert intervju i The Guardian forteller hun om hvordan hun lot ham få skriveplassen i huset - og for alle som skriver vet vi hvor viktig det er å få rom, plass til å tenke, et sted som er bare ditt, hvor du kan legge bøker og papir i viltvoksende stabler - til tross for at hun også var en skrivende, fintenkende poet, og hadde like stort behov for å okkupere deler av huset."

Dette er ekte kjærleik, reflekterer Linda.
Eg tenker at det i så fall må vere ei typisk kvinneleg form for ekte kjærleik. Der ein vurderer viktigheita av sin geniale manns forfattarskap som større enn sin eigen. Slik kanskje også Sylvia Plath gjorde (Ted Hughes) eller Haldis Moren Vesaas gjorde (Tarjei Vesaas). Sistnemnte fekk seg ikkje eit eige skriverom før ho var i femtiåra, om eg hugsar rett. Ho fekk likevel skrive sine kanskje beste bøker i dei føregåande åra.

Så kva er eit skriverom? Er det eit fysisk rom, eit rom du må vere i for å kunne skrive, akkurat det rommet, du kan ikkje skrive nokon annan stad? Eller er det eit rom du går inn i, som finst i deg sjølv? Eit rom du tek med deg uansett kor du måtte vere, men som kanskje har ei litt vrien dørklinke, eller ein lås som er litt for trong for nøkkelen somme tider?

Eg har ikkje eit eige rom, i tydinga fysisk rom. Eg har ei leilegheit, eg har høve til å sitje på Litteraturhuset, eg har ei datamaskin og ei notatbok eg kan bruke, eg skriv like godt på flyet som her i sofaen min. Eg håper eg aldri treng eit særskilt fysisk rom for å kunne skrive.
Men eg gler meg sjølvsagt til den dagen eg kan ha det.

Kva slags rom treng du?

12 kommentarer:

heklehatt sa...

Fine spørsmål. Jeg har aldri tenkt på Virginia Wools rom som et fysisk rom (nå har jeg riktignok ikke lest det av henne, men om henne). jeg har kanskje blandet det med simone de beauvoir, og tenkt det i et kvinnepolitisk perspektiv - at det handlet om at alle, også kvinner, må ha sitt eget rom i betydningen plass til seg selv.

Derfor har jeg tenkt på et skriverom som tid og rom til å skrive. Plass til tankene. Og det får du jo ikke hvis du har ansvaret for alt i familien, feks. (og i den forstand er det jo hårreisende hvis man kvinnen som den naturligste ting skal ofre plassen for mannenens skyld).

Men gjerne et fysisk rom også, enten det er fast eller bare et sted du kan være alene, hvor du nå enn er.

Aina sa...

Ja, GJERNE eit fysisk rom. Men viss det MÅ til for at ein skal klare å skrive i det heile, synest eg synd på folk.

Midifila sa...

Ein må vel ikkje, men eg har. Med tre månader fri til å skrive på heiltid, var det veldig godt å ha.
Men eg skriv like gjerne på kafé (kanskje aller helst på kafé), viss eg ikkje sit i vinterhagen med skriveboka på fanget eller på bussen og tastar tankar inn på mobilen. Kjem orda, er det berre å fange dei, så godt ein kan.

Bai sa...

Eg treng å ha det ryddig rundt meg for å konsentrere meg. Eller så må eg vere ein plass kor det ikkje er mitt rot som er rundt meg, som på ein kafé- då kan det vere rotete.

The Boring Store sa...

Kjærlighet, skrev jeg - at det var kjærlighet å gi Carver rom til å skrive, mens hun selv fant et alternativ som var dårligere, rent praktisk. Ikke fordi hun var en dårligere eller mindre viktig forfatter. Og uavhengig om det er en hun eller han som gir fra seg rommet: At hun valgte å være raus og fleksibel sier noe om hvor glad hun var i ham. Jeg ville skrevet det samme (det er kjærlighet) om han gav opp skriverommet sitt for henne.

Lille søster sa...

Veldig bra innlegg, Aina. Jeg tenker mye på det. Savner å ha et eget rom. Med egen pult, egne bilder, et sted jeg ikke må rydde hver gang, eller et sted der jeg ikke må lempe unna alt mulig annet for å få jobbet. Det hadde vært godt å ha det. Det hadde gitt mer ro. Og likevel, jeg MÅ ikke ha det.

heklehatt sa...

Lille søster, så rart: jeg har visualisert at du har et sånn sted når jeg leser på bloggen din! vet ikke hvorfor...

midfilia: det med vinterhagen høres bare sååå fint ut!

alle: jeg liker også å skrive på kafé, men ofte er det helt håpløs musikk der. Hva gjør dere da? jeg har problemer med å skrive hvis det er mye bråk/samtaler/fæl/høy musikk...

Lille søster sa...

Heklehatt: Ja, det var rart. Men fint at du ser det for deg slik! I stedet skriver jeg som oftest ved kjøkkenbordet mens sønnen min ser på NRKsuper.

Aina sa...

Alle:
Eg har aldri skrive på kafé, men eg ville nok ikkje vald ein kafé med dårleg musikk. Eller med musikk i det heile, kanskje. Eg veit ikkje. Distraksjon kan jo fungere forløysande, i somme tilfelle. Men det veit eg heller ikkje.

Aller best liker eg meg på anonyme, store lesesalar. På eit universitetsbibliotek eller liknande. Der er det stilt nok, folk nok, ro nok, vakkert nok - og ein er passe anonym der. Men eg veit ikkje om eg får til å berre skrive på ein slik stad. Det blir helst ein kombinasjon av research med (kanskje) litt skriving.

The Boring Store:
Ja, det ville også vore kjærleik. Det er ikkje kjærleik berre fordi det er ei kvinne som utfører handlinga.

Midifila sa...

På kafé sniklyttar eg ... og blir ofte inspirert av det eg høyrer. Eller eg høyrer musikk på mp3-spelaren.

Men før eg fekk heimekontor, skreiv eg overalt i huset, om så med Cartoon Network på full guffe. Alt går, viss ein berre må.

Aina sa...

Sniklytting, ja. Det er ikkje dumt. Eller snik-kiking, på folk rundt seg, på verda og ting i verda, korleis dei rører seg mot kvarandre. Det er mykje ein lærer ved å sitje og sjå og etterpå freiste å skildre det så presist som muleg.

Ein fin forfattar eg kjenner skriv til tv-en om kvelden, med lyden av. Det gjer eg no. Men no _skriv_ eg jo eigentleg ikkje.

Synline sa...

Jeg trenger rom for egne tankerekker. Som kan få flyte fritt, uten forstyrrelser. Slikt er det veldig lite av for tiden.

Jeg var ingen skriver før jeg fikk min første svangerskapspermisjon. Da fikk jeg timer. Mange timer - alene i mitt eget hode.

Der er utfordringen nå. Finne rom til tid i eget hode.