13. august 2009

Rota til alt godt

Eg trur ikkje på å kave seg opp.
Eg trur ikkje på at eit B-menneske jobbar meir effektivt og kreativt viss det pressar seg inn i ei A-rytme.
Eg trur ikkje at ein skriv meir eller betre viss ein freistar tvinge seg sjølv til å skrive eit minimumsantal ord per dag.
Eg trur ikkje på å prøve å vere så smart og tenke så komplisert.
Eg trur ikkje på å ikkje late seg gjere noko anna ein dag, dersom det kjennest som det luraste.
Eg trur ikkje på å ha altfor høge ambisjonar.
Eg trur ikkje på å streve.
Eg trur ikkje på å samanlikne seg med andre.

Eg trur på å kjenne etter.
Kva vil eg i dag. Kva passar meg best.
Å sove ein time lenger, å ta ein lang frukost, å lese ei bok, å gå ein tur.
Eg trur på å avlyse avtalar for å skrive, dersom trøkket er der.
Fleire dagar i strekk, om naudsynt. Heile natta om ein må. Når som helst.
Eg trur det er lurt å opne tekstfila kvar einaste dag, om så berre for å kike på det skrivne og kanskje flikke litt, bytte om på to ord.
Eg trur det er lurt å aldri skrive for å skrive, eg vil ikkje kludre til manuset mitt med tull som fører meg på ville vegar.
Eg trur det er lurt å tenke på kva ein vil med teksten, korfor ein skriv det.
Eg trur pausar i skrivinga er lurt, det kallast fordøying.
Eg trur på å kjenne etter, inni seg.
Følgje magekjensla, vere snill med seg sjølv om det er det ein treng, presse seg litt om det er det som skal til.

Eg trur det er rota til alt som er godt.

10 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Enig.

Marianne sa...

Men tror du på å gå på jobben når man ikke har lyst?

Lille søster sa...

Det tror jeg også på.

Aina sa...

Marianne:
Hehe, det er jo der problema kjem inn. Eg trur på å gjere det ein må, og velje når ein kan.

Bai sa...

Dette var herleg lesning! Lurer på om det let seg overføre til masteroppgåveskriving også?

Aina sa...

Eg brukte denne teorien då eg skreiv masteroppgåve, også, eg. Og det gjekk veldig bra. Sjølv om eg var B-menneske og ikkje sat på lesesalen heile tida. Normert tid og greier.

Bai sa...

Eg har brukt denne teorien dei første tre (av dei to normerte)semestera, eg også. Men nå har eg komme til det fjerde (og forhåpentlegvis siste), og då skal eg prøve ut dei andre teoriane om å stå opp til same tid og sette meg mål for dagen og sånn. Eg kan jo ikkje halde på til eg blir gammal, heller.

Aina sa...

Ja, ok. Eg seier ikkje at min metode funkar like godt for alle... Eg set meg jo mål, sjølv om eg jobbar i b-rytme. Kanskje det er det du har gløymt?

Bai sa...

Eg trur kanskje det. I tillegg har eg nokre litt meir "gyldige" grunnar til å vere forseinka, så eg skal ikkje skulde alt på døgnrytma. Og det er jo viktig å vere våken nok til å jobbe når ein begynner å jobbe, viss ein skal få gjort noko.

Aina sa...

Det er jo det. Skjønt, av og til kjem dei finaste, forunderlegaste ting når ein skriv skjønnlitteratur i ørska. Men faglitterært vil eg ikkje tilrå det.