Så er det endeleg tid.
I morgon klokka 20 lanserer Kristine Tofte sin aller første roman, Song for Eirabu. Slaget på Vigrid, på Den Gode Kafé i Fredensborgveien 13 her i Oslo.
Her får de høyre debutanten sjølv lese frå boka, i tillegg skal fire andre forfattarar lese frå sine bøker: Caterina Cattaneo, Selma Lønning Aarø, Ellisiv Lindkvist og underteikna.
Forlaget skriv følgjande om Song for Eirabu og den rykande ferske bokdebutanten:
For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte.
Dronning mot offerprestinne
Då dei to eldste jentene, Ragna og Berghitte, blir 14 og 15 år, er tida inne for at dei skal innvies i oppgåvene dei er esla til. Ragna vert opplært som offerprestinne i eit kongedøme, mens Berghitte blir dronning i eit anna. Det går mot krig mellom dei to kongedøma, og soleis òg mellom dei to søstrene. Kaoskreftar er i sving, og dette blir ei forteljing om spennet mellom gamle spådomar og eigen vilje, age for gudane og hug og lengt etter makt.
Eigne val mot gamle spådomar
Psykologen og debutanten Kristine Tofte (f. 1970) har med Song for Eirabu skapt eit fiktivt univers med utspring i norrøne mytar, fylt med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og andre mytiske skapnader. Menneska si vilje og eigne val blir sett opp mot gamle spådomar og gudane sine krefter. Med psykologisk innsikt og eit sikkert og litterært språk gjer Tofte kampen mot verdas undergang levande og gripande for lesaren.
Eit stort GRATULERER til Kristine, og vel møtt til alle andre!
3. juni 2009
Tider kjem og verder forgår
Etikettar:
Debutant,
Fantasy,
Kristine Tofte,
Lansering,
Litteratur,
Opplesing
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Hurra for Kristine!
Hurra hurra trippelt hurra for Kristine!
smeller til med en qvadruppel hurra!!!!
denne boken MÅ bare leses.
Tusen takk! Og TAKK for at du vil lese i kveld! Eg gleder meg så vledig til alt saman.
Ja, det blir saker! Gler meg, eg også!
Legg inn en kommentar