19. juni 2009

Det er juni, eg skulle skrive

Det er juni, det er lyse kveldar, det er full jobb, men snart er det ferie.

Eg har eit halvt år til å fullføre den neste romanen, om eg følgjer planen. Eg har skrive ein tredjedel av han. Det er juni, på eit halvt år må eg skrive to tredjedelar til.

Det er juni, for eit år sidan var eg ferdig med korrekturen, for eit år sidan blei den første, hittil einaste, romanen sendt til produksjon, for ti månadar sidan fekk eg boka i handa for første gong, for ti månadar sidan kom ho i butikkane. Kor er ho no?

Det er store skyar, som svulmar, dei rammar inn ein lyseblå himmel, eg ser det frå vindauget.
Eg har skrive ein tekst til ei nettutstilling om Ivar Aasen. Eg fekk tilbakemelding på teksten i dag. Vi likte teksten din godt, stod det, vi har ingen forslag til endringar.
Eg las gjennom teksten ein gong til, kjente meg glad for at dei ikkje ville endre han, såg Ivar Aasen føre meg, i det skrå, kalde vinterlyset eg har skrive han inn i. Det vesle andletet hans. Kor knortete han må ha vore.

Det er den nittande. For seks dagar sidan stod mi andre laurdagsspalte på trykk i Nationen. Om tre veker skal eg levere ei ny. Kva skal ho handle om? Eg veit ikkje. Eg har idear, eg skriv på innsida av hovudet, eg skriv i mørkret når eg burde sove, stundom skriblar eg nokre ord ned på ei blokk på nattbordet.

Og romanen. Eg burde skrive på romanen. Korfor skriv eg ikkje? Kva driv eg med?

6 kommentarer:

Unknown sa...

Nei, hva driver du med? Om ikke du skriver på romanen, så jobber underbevisstheten din med den. Døgnet rundt.

Aina Basso sa...

Ja, det kan eg skrive under på.

Elin sa...

Er det nå jeg skal si "Ta deg sammen, Aina! Skriv!"? I følge den ene forfatteren jeg hørte på på Litteraturhuset i dag er skriveblokk bare noe tøys. Man har alle dårlige dager, men må bare ta seg i nakken og skrive. Sa han.

Men boka di, den som kom i fjor. Den er hjemme hos meg, den. Og i biblioteket jeg jobber. Og i biblioteket jeg jobbet i. Og i mange andre hjem og bibliotek.

Aina Basso sa...

Nei, men eg har ikkje skriveblokk, trur eg. Eg trur eg har innsamlings- og mogningsfase. Eg trur ikkje ein skal skrive absolutt heile tida, eg trur ein skal fordøye, tenke, løyse problem, òg. I hovudet.

Men eg burde nok skrive litt meir. Snart. Plutseleg.

Anonym sa...

Det kjem! Plutseleg!
Eg trur heller ikkje på skrivesperre, men eg trur på mogningstid, at ein eltar stoffet i hovudet før ein skriv det ned.

Aina Basso sa...

Ja, det er nok noko i det! Ein kan jo ikkje skrive kontinuerleg. Då kjem det jo berre masse skit som ein må slette etterpå. Eg liker ikkje å kludre til manusa mine altfor mykje.