12. mai 2009

Å vaske fram ein tekst

Nei, eg tenker ikkje på det velkjente fenomenet språkvask, som kjem i slutten av manusarbeidet og går ut på at eit språksikkert menneske med forlagstilknyting vaskar vekk alle slurvefeila og inkonsekvensane i teksten min, som eg deretter tek stilling til om eg vil gå med på eller ikkje.

Eg tenker på det heilt konkrete fenomenet vask, å vaske, eitt eller fleire fysiske objekt i den umiddelberre nærleiken min, og korleis dette fenomenet kan ha den uheldige bieffekten å stå i vegen for skrivinga, eller den heldige bieffekten å setje skrivinga i gang.

For ei lita stund tilbake klaga eg over at eg så gjerne ville skrive, men følte at det var så mange presserande ting som stod i vegen. Som inspirasjon, som eg vel ikkje nemnte, men som likevel var hovudgrunnen, eller vindaugsvask, som var det mange festa seg ved. Det såg nemleg ut til at eg brukte den føreståande vindaugsvasken som påskot eller unnskyldning for korfor eg ikkje skreiv eit kløyva ord.

Dette vaskepåskotet møtte to ulike typar lesarreaksjonar. 1. Sympati frå andre som har opplevd det sjølv. 2. Oppfordring om å ta meg saman, drite i dei skitne vindauga og skrive i veg.
Kva eg gjorde? Eg dreit i vindauga.

Men så. I går.
Ein slik dag der alt liksom hopar seg opp. Der det i utgangspunktet allereie er for mykje av både det eine og det andre, og tilfellet vil det slik at det kjem endå meir på toppen av alt.

Det byrja med ein epost frå redaktøren, som gav meg ein del å tenke på. Og som eg blei gåande og tenke på, og snakke om, til alle eg kunne snakke om det med. Det handlar om prosjektet mitt, om vegen vidare, om andre vegar enn eg sjølv har tenkt og vore innstilt på, men som må vurderast, nøye. Som kan vere gode vegar, kanskje betre vegar, kva veit vel eg. Altså: noko å fundere over.

Så ein telefon frå avisa Nationen, som har lagt om kultursidene sine og vil ha nye laurdagsspaltistar. Ein gong i månaden. Om kva eg vil. Etter at eg enda med å takke ja, kom tilleggsspørsmålet: Vi veit dette er utilgiveleg i siste liten, men ein av dei andre har trekt seg, og ja, kunne du tenke deg å skrive første spalte allereie til no på laurdag?

Det er kanskje ikkje nødvendig å seie dette, men adrenalinnivået var ganske høgt etter sykkelturen heim, og eg enda med å lage middag, vaske klede og pusse vindauge samtidig.
Og etterpå? Jau, då skreiv eg ei spalte.

Eg takkar vindaugsvasken. Det var så inspirerande å faktisk sjå den vakre balkongkassa på andre sida av ruta.

5 kommentarer:

Monica sa...

Hurra!!

Lille søster sa...

Oj, egen spalte!

Anonym sa...

Kjekt med egen spalte, du gode skribent! :)

caterina sa...

kjent farvann, for å si det sånn. så kjent at jeg måtte skrive om oppvaskvann, varme, røde hende, glatt oppvasksåpe, skyllende, kaldt vann. så forsvant vaskelysten, og jeg hadde en fin scene i manus!

også egen spalte, da. må jeg få gratulere dypest!

Aina Basso sa...

Takk for det.
Blir spennande med laurdagsspalte!