12. mai 2009

Romanar

Ein ultimat roman
Romanar, romanar.
De har vel høyrt at det finst eit hierarki innanfor skjønnlitteraturen?
Høgst heng romanen. Vaksenromanen, altså.
Så kjem kan hende noveller og kortprosa og så dikt? Eller kjem dikt etter roman og kortprosa til slutt? Er det kanskje roman, novelle, dikt, kortprosa? Eller ei heilt anna rekkefølgje?

Eg seier ikkje at eg ser slik på det. Eg set ikkje romanen høgst berre fordi "alle andre" ser ut til å gjere det. Eg hadde aldri tenkt at eg skulle skrive romanar. Eg er tenkte at eg skulle skrive dikt og kortprosa, kanskje noveller, viss eg fekk det til. Novellesjangeren er nemleg ein eigen kunst, seiast det. Å skrive gode noveller er ein kunst. Vil det seie at det er lettare å skrive romanar? Og kva med dikt? Er det så frykteleg lett? I mi erfaring er dikt noko av det vanskelegaste, etterfølgt av noveller, kortprosa og romanar. Romanar er altså enklast. Det er arbeidskrevande, sjølvsagt, men enklare enn kortformene. For ein roman treng éin berre ein god idé. Dei andre, særleg prosasjangrane, treng mange. Alle må vere gode. Alle må gjere seg fortente til sin plass i samlinga.

Korfor skal alt bli romanar, tenker eg. Kva med berre tekstar? Kortare tekstar? Kva med dikt og noveller? Men så blir det liksom romanar, alt saman. Du skulle berre visst kor mange romanar eg held på med no. Som ligg på blokka, klare til å skrivast ut. Hadde ideane berre vore litt mindre, så kunne eg skrive ei god novellesamling i staden, men nei. Romanar.

Høyrest det rart ut, synest du? At eg liksom ikkje vil vedkjenne meg å skrive romanar? Kva botnar det i, tru? Ei slags oppfatting av kva eg er i stand til, kva skriving er og kva eg vil skriving skal vere? Eller kanskje ei misoppfatting?

Ei god venninne sa til meg at eg må skrive romanar. Mange romanar!
Det var ein fantastisk fin ting å seie. Men eg vil jo skrive korte format, tenkte eg. Alltid desse romanane. Kanskje vil ein alltid streve etter å vere noko ein ikkje er.
Og kanskje er det heile eigentleg berre ei einaste stor misoppfatting frå ende til annan. Kanskje kan eg ikkje eingong skrive romanar. Berre fordi eg har gjort det ein gong, betyr ikkje at eg vil få det til igjen.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Det er visst novellen som ligger i bunnen, har jeg lest i avisene.

Lille søster sa...

Fint innlegg. Tror ikke det finnes lette og vanskelige sjangere egentlig. Mer legning for det ene eller det andre (og for noen det ene og det andre).

Kjenner meg igjen i dette. Jeg har hele livet trodd, og tror det delvis fortsatt, at jeg er en prosaforfatter som skal skrive romaner og noveller, gjerne for barn og ungdom. Mens diktene er noe jeg skriver mens jeg venter på å få tid eller inspirasjon til å skrive prosa. Slik har det vært i 20 år. Er det da på tide å innse at jeg ikke er en prosaforfatter?

Monica sa...

Romaner, romaner, romaner, ja. Jeg har tenkt å prøve meg på noe helt annet neste gang, for jeg hadde nemlig aldri trodd eller ment at jeg skulle skrive en roman. Jeg så i alle fall for meg flere dikt og noveller først. Så altså; hvorfor ikke prøve enda en sjanger jeg ikke tror jeg kommer til å klare: sakprosa. Ho ho. Sånn driver jeg på. Et lite prosjekt, kanskje, for å se hva jeg liker best/verst å skrive?
Fint innlegg, forresten.

Aina Basso sa...

Anita:
Å? Merkeleg, det der. Jau, folk les lite noveller for tida, men slikt går jo i bølgjer.

Lille søster:
Takk for det. Du har nok rett i dette med legning. Og kanskje har ein ei heilt anna legning enn ein trur før ein byrjar? Det ville vel ikkje vore så rart?

Monica:
Eg kjenner meg igjen i det du seier. Eg vil også heile tida prøve noko anna, noko nytt, både for å utvikle meg, og fordi eg er nysgjerrig på det. Og kanskje fordi eg trur eg kunne fått det til?

Men når det er sagt så liker eg jo romanar. Eg liker å skrive dei og eg liker å lese dei. Det er berre at det gjeld for ganske mykje anna, også. Vi får prøve oss fram!
Du var fin med kort hår, forresten! Når kjem romanen din?

Monica sa...

Det er nok delvis tro på at jeg vil klare det, som driver meg også. Utfra en tanke om jeg ikke nødvendigvis har redskapene til å klare det, hvis du skjønner. Mnja. Men vi prøver oss fram, og godt er det!

Kort hår er herrrlig, jeg blir alltid glad når jeg kvitter meg med ragget. En slags vårrengjøring. Vaske manus og klippe hodet. Frisøren sa jeg hadde den strammeste hodebunnen hun hadde kjent og sett på lenge. Au! Men frisører sier jo mye rart.

Boka kommer 17 august - planen sier i så fall det.

Aina Basso sa...

Korleis blir ein hovudbotn stram? Består han ikkje av hud, stort sett? *mystisk*

Eg har for øvrig også kvitta meg med litt ragg. Venninna mi sa i går at det såg så fresht ut, håret mitt. Det er vårklippen sin, det.

(P.S. Nydeleg korleis dette plutseleg dreidde frå skriving av romanar til klipping av hår.)

Monica sa...

Veit ikke hvordan den blir stram - men hun fikk (nesten) solgt meg et produkt. Fint med en liten håravsporing ;-) Herlig med spalte i Nationen, den skal jeg sjekke ut!

Anonym sa...

Det gikk en slags føljetong i Aftenposten om lesernes og forlagsredaktørenes motforestillinger mot noveller, leserne leser det ikke, forlagsredaktørene regner novellesamlinga som et springbrett videre til romanen, som angivelig er den sjangeren de helst ønsker seg.
Selv har jeg ingenting imot noveller, har nettopp lest Anna Gavaldas samling Eg vil at nokon skal vente på meg - anbefales.
Ellers tror jeg innholdet er bestemmende for formatet, eller omvendt.

Aina Basso sa...

Monica:
Berre nesten? Det er jenta si som er standhaftig!

Anita:
Ja, det er romanar folk les. Stort sett. Då eg var yngre var eg slik sjølv. Etter ein periode i ungdommen der eg var vel så glad i noveller, kom den store romanperioden frå eg gjekk på vidaregåande og fram til eg var på slutten av studietida. No har eg ei heilt anna haldning til det, og synest det er fantastisk å lese tekstar i kortare format. Romanar tek så lang tid! :)