Då The Tudors gjekk på tv i fjor, følgte eg ivrig med.
Britisk eldre historie fascinerer meg, alle intrigene og kampane om trona, den blodige justisen, svik, lureri, kjærleik og maktkamp.
Og det er huset Tudor Søstrene Boleyn også omhandlar. Huset Tudor var eit kongehus av walisisk opphav, med monarkar som regjerte over England fra 1485 til 1603, då det blei etterfølgt av huset Stuart. I både The Tudors og Søstrene Boleyn møter vi den famøse kong Henrik VIII, som var desperat etter ein mannleg arving, som hans spanske kone, Katarina av Aragon, mislykkast i å skaffe han. Henrik VIII er for ettertida kjent for sin enorme apetitt på kvinner, for å ha utløyst den protestantiske reformasjonen i England - angiveleg for å bli kvitt kona Katarina for å gifte seg med Anne Boleyn, som skulle bli mor til den kanskje mest kjente engelske monarken, dronning Elisabeth I, men som han fekk halshøgd etter skuldingar om at ho hadde begått blodskam med bror sin.
Ok, så det historiske bakteppet er alt anna enn keisamt. Og det er kanskje difor eg fascinerast slik av både tv-serien The Tudors og filmen om Søstrene Boleyn, med Nathalie Portman i rolla som Anne og Scarlett Johansson i rolla som Mary. For kor høg er eigentleg kvaliteten på desse historiske drama? Eg innser at eg ikkje er i stand til å døme det. Eg let meg innfange av den lekamleggjorde historia, og mistar all dømekraft. Og det må vel vere ein verdi i seg sjølv?
18. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Jeg har lest boka og sett filmen, og jeg ble fanget av historien jeg også. Engelsk historie, kongehus og en dose intriger og heftige følelser, så er kvelden reddet ;) Tudors har jeg også begynt å se nylig, har den første sesongen, men har kun rukket å se de to første episodene ennå. Men det blir mer, garantert!
Ja, det er saftige saker. Eg veit ikkje kor god filmen og boka eigentleg er, sett frå ein historisk (og litterær) ståstad - sidan eg ikkje kan særleg om emnet - men underhaldande var det iallfall!
Legg inn en kommentar