6. mars 2009

Finst det ikkje flinke kvinner?

I gårsdagens Aftenposten står det om den påfallande mangelen på kvinnelege forfattarar både mellom nominerte til prisar og vinnarane. Som vi veit er det jo Per Petterson som er bokåret 2008s store prisvinnar, og av kvinner som har hevda seg i offentlegheita kan kanskje maks ein handfull namn nemnast - om ikkje færre.

Dette er noko Brit Bildøen har teke tak i, og i si nye essaysamling Litterær salong tek ho føre seg sterke, kvinnelege forfattarskap frå dei siste hundre åra.

Samlaget skriv dette om boka:

I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar.

Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.

På søndag, som vi jo alle veit er kvinnedagen og sjølvsagt skal markere på høveleg vis, stiller Brit Bildøen og Agnes Ravatn på Litteraturhuset, der dei skal intervjuast av Hege Duckert. Eg har tenkt meg dit. Eg trur det blir eit bra arrangement.

HER er Ingunn Økland sitt tilsvar til Bildøen og HER er Karianne Bjellås Giljes innspel, også i Aftenposten i går.

5 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg ble litt provosert av Ingunn Økland som mente at grunnen til at kvinner var for lite framme i prisutdelinger og slikt rett og slett lå i kvaliteten på bøkene. Kvinner skriver for dårlige bøker, liksom. Jeg er dypt uenig.

Aina sa...

Ja, det er eg også veldig ueinig i. Mange av dei beste leseopplevingane mine dei siste åra er det kvinner som har stått for.

Lille søster sa...

Ja, samme her.

Ingrid sa...

Helt enig med dere. Jeg har akkurat laget en utstilling i biblioteket "mitt" med en rekke bøker av dyktige kvinner. (Boka di er utlånt Aina, så den fikk ikke være med!) Jeg har tenkt meg på litteraturhuset på søndag. Det blir sikkert spennende. God helg!

Aina sa...

Så bra initiativ, Ingrid. I desse kvinnedagar, heldt eg på å seie :)

(Det er heilt greitt å ikkje få vere med når det er av slike årsaker :)