25. mars 2009

Biografar - dei jævlane

Interessant sitat frå eit intervju Flamme hadde med Frode Grytten i dag:

Eg var inne i boda og leitte etter eit par noveller eg veit at eg har skrive, det finst eit par her og der, men eg fann dei ikkje. Eg har nok kasta dei, i fjor kasta eg alle papir og alle manusutkast, eg hadde tatt vare på alt slikt fram til då. Det var fascinerande å sjå utkasta til Bikubesong, til dømes. No er mykje av den lange skriveprosessen vekke, bare sluttresultatet står tilbake, men her kunne eg studere utkast og idear eg aldri fullførte eller kom nokon veg med. Eg kasta alt saman, det er rart med det, du kjem heim frå kontoret ein dag og der ser du bare ræva til Ingar Sletten Kolloen stikke opp frå papirbunken i boda di. Han har bestemt seg for å plassere den biografiske oljeplattforma si over deg og pumpe deg tom for livet ditt, pumpe opp kladdar, utkast, dagbøker, notatbøker og gamle kjærleiksbrev. Det gjeld å vere eit hestehovud framfor dei kyniske oljepumparane.

Heile intervjuet kan lesast HER.

3 kommentarer:

Monica sa...

Ha ha ha ha!! Ræva til Ingar Sletten Kolloen, gud forby.
Ho ho. Enkelte mennesker tenker virkelig på alt. Og jeg tror det er lurt!

Aina Basso sa...

Ja, Grytten viser seg å vere føre var. Han har byrja tenke på ettermælet!

Synline sa...

Nå fikk jeg et veldig livaktig bilde over netthinna gitt! Ha ha ha