24. februar 2009

Teiknsetjing

Noko eg har tenkt mykje på i samband med at eg har forsøkt meg på å skrive litt dikt, er teiknsetjing. Utgangspunktet mitt var at eg ikkje hadde noko medvite forhold til det i det heile. Så byrja eg legge merke til kva dikt og diktarar som brukte teikn, korleis dei brukte dei og dei ulike måtane dette kan bli gjort på.

Eg tek nokre døme:

I denne haikuliknande diktteksten frå punktromanen Anne bruker Paal-Helge Haugen einast eitt komma og elles berre små bokstavar:

etter regn svarte berg
sneglen, mjuk under grøne blad
kjenner væte

Så har vi dette diktet av Tyra T. Tronstad frå hennar debutsamling Mandag morgen står de døde i kø, og her er eit døme på inkonsekvent teiknsetjing - som eg trur førekjem fleire stadar i boka enn berre her. Det var dette som gjorde at eg byrja tenke på teikn i utgangspunktet:

Hun sier hun ikke vil ha noen gravstein
Hun sier at det holder med ei gjenglemt vannkanne
Jeg skriver det ned: ei gjenglemt vannkanne.

Første to linjer: ikkje punktum. Siste: punktum. Og i neste vers er det teikn etter kvar linje, komma, punktum, punktum. Er det medvite? Er det umedvite? Er det ikkje gjennomtenkt? Er det gjennomtenkt? Er det trykkfeil?

Så har vi eit døme på mangel på teiknsetjing, eller ei slags usynleg teiknsetjing, for sidan Jon Fosse her bruker stor bokstav midt inne i ei linje, tenker vi vel på ein måte at han startar ny setning, gjer vi ikkje? Her er eit døme frå eit dikt frå Auge i vind.

ein gammal mann
tar opp ein song
som er han sjølv
og sit der med den i fanget Reiser seg Tømmer eit oskebeger
og held fram
med å stulle rundt songen sin Han kveikjer nok ein røyk
Han myser over fjorden

Så har vi eit døme frå debutsamlinga til Hilde Myklebust, Berre dagar seinare. Her bruker ho stor og liten bokstav, men ikkje teikn:

Der er eit gult lys
i fjøsen om kvelden
Over glaskuplane
ligg eit tynt lag
av pust og ullfeitt

Og så den meir tradisjonelle måten, her representert ved Inger Hagerup og diktet Jeg er det dikt:

Jeg er det dikt som ingen skrev.
Jeg er det alltid brente brev.

Jeg er den ubetrådte sti
og tonen uten melodi.

Eller som her, hos Arne Garborg i diktet Elsk frå Haugtussa, der han også bruker utropsteikn og semikolon, noko eg ikkje trur er så vanleg lenger.

Aa gjev du batt meg med Bast og Bende;
aa gjev du batt meg so Bandi brende!
Aa gjev du drog meg so fast til deg,
at heile Verdi kom burt for meg!

Slikt tenker altså eg på. Slikt må ein ta stilling til. Prøve seg fram med. Så langt har eg skrive flest dikt med berre små bokstavar, og berre komma viss det kjem midt inne i ei setning. Så får vi sjå korleis det utviklar seg.

5 kommentarer:

Lille søster sa...

Det er også en del poeter som bruker tabulator (eller i hvert fall et langt mellomrom) i stedet for punktum.

Jeg synes at uansett hvordan en gjør det, bør det være en viss sammenheng og konsekvens.

Aina Basso sa...

Ja, det tok eg ikkje med døme på, men det har eg også merka meg. Eg har ikkje nokon spesiell måte eg meiner det er best å gjere det på, trur eg, bortsett frå at eg nok heller mot små bokstavar og færrast muleg teikn når eg skriv sjølv. Elles er eg einig med deg: fint med ein viss konsekvens i det.

Jørn Roeim sa...

Ingenting bør være tilfeldig i slike sammenhenger.

Synline sa...

Interessant.

Nå måtte jeg virkelig gå i meg selv og tenke over hva jeg gjør. Det er nok mest Hilde Myklebust-varianten som gjelder når jeg skriver dikt. Punktum forstyrrer meg. Jeg tar heller en linjedeling. Eller fyller på med litt luft i diktet.

Aina Basso sa...

TM:
Nei, det er eg einig i. Og det er vel sjeldan det, òg. Trur dei fleste poetar har eit ganske reflektert forhold til tekstane sine på alle plan.

Synline:
Eg liker godt Myklebust-varianten. Men eg liker òg Paal-Helge Haugen-varianten veldig godt.