5. februar 2009

Eit ørlite eventyr

Vanlegvis er eg veldig oppteken av kva slags lesestoff eg har med når eg skal ut og reise. Dette gjeld uavhengig av om det er ei stor reise eller ei lita.

På interrail for åtte år sidan hadde eg riktignok berre med ei bok, men då måtte eg kjøpe fleire undervegs. Det det gjekk i den gongen var Harry Potter. Harry Potter på Gare du Nord, Harry Potter i Nice, Harry Potter på toget mellom Roma og Napoli, Harry Potter på hotellet i Pisa (med toalett på gangen, den natta eg blei mørkeredd), Harry Potter på vaskeriet, Harry Potter på stranda, Harry Potter kjøpt i ein liten, fin bokhandel i ein liten, fin by i Italia.

Denne helga skal eg òg på ein liten tur. Men denne gongen har eg ikkje teke med noko særleg lesestoff. Ein tynn, halvlesen roman til flyet (Marita Fossum: Forestill deg), elles ingenting. Korleis skal dette gå?

Eg raidar vel bokhyllene til pappa, tenker eg. Ser om der er noko eg ikkje har lese, men har lyst til å lese. Det kan hende. Eller mine eigne gamle bokhyller. Barnebøkene, ungdomsbøkene, alle bøkene eg ikkje let ta opp plass i mi vesle Osloleilegheit: Frøken Detektiv, Astrid Lindgren, Anne-Cath. Vestly, Den hemmelighetsfulle hagen, Bobseybarna, Fem-klubben, Sigurd Drakedreper og Ravnejenta, Maria Gripe, dei bøkene om stjernebileta på himmelen; Helter og monstre på himmelhvelvingen. Vesle Bjørn, Store Bjørn, eller Ursa Minor og Major. Eller Stompa.

Det er eit ørlite eventyr å ikkje vite kva ein har i vente.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Artig å ikke vite :-)
Ser at mange av bøkene fra din barndom også er fra min - selv om det er ganske mange år mellom oss (ser jeg på boka di ;-) )
God tur! som en liten turgave, har jeg gitt deg en pris inne på Skrift. Den syns jeg du fortjener!

heklehatt leser sa...

så gøy at også du leste helter og monstre på himmelhvelvingen! Broren min og jeg elsket de bøkene. Vo har noen få sånne store fellesopplevelser på den litterære fronten. Morsomt å se igjen forsiden.

Aina Basso sa...

Ståle:
Takk for det! Hyggeleg å bli sett pris på.

Eg var i den heldige situasjon at eg fekk arve bøker frå både mor mi og dei eldre brørne mine, i tillegg til at eg fekk ein del relativt nytt.

Heklehatt:
Eg har faktisk leitt fram nett dei bøkene no som eg er komen heim. Tenkte eg skulle ta ein kik på dei!

Anonym sa...

Åh, jeg elsket også "Helter og monstre på himmelhvelvingen". Husker fortsatt mange av fortellignene der overraskende godt.

Også "Ravnejenta" da, som jeg sikkert har lest en trillion ganger. Ah, takk for at du minner meg på gode leseminner fra barndommen. :)

Aina Basso sa...

Eg må dessverre fortelje at Helter og monstre ikkje er akkurat like spennande som 29-åring. Kanskje ei av bøkene som kan vere eit godt minne?