28. februar 2009

E-brev frå unge lesarar

I går fekk eg ti epostar frå ein gjeng tiandeklassingar som har lese Ingen må vite på skulen. Flesteparten var gutar, og overraska meg noko i sine reaksjonar.

Ingen må vite er ein roman skriven i poetisk prosa, og har ein del skildring av både landskap og kjensler. Dette er noko eg ikkje har hatt særleg tiltru til at kunne appellere til gutar. Det vi vanlegvis høyrer er at gutar i ungdomsalderen for det første ikkje les og for det andre at dei har høge krav til spenning, eller æksjn, rett og slett. Og kanskje var det nettopp av den grunn og med det som siktemål at boka Marki Marco av Terje Torkildsen blei skriven og utgitt på Samlaget i fjor haust. Her er det nemleg spenning og sex i lange baner. Akkurat det gutar vil ha, eller kva?

Så kva så med ein historisk roman frå 1700-talet med ei tenåringsjente i hovudrolla skriven i poetisk prosa? Kan det fenge desse unge, kravstore gutane?

Vel, både og. Det kom heilt klart fram at nokre av gutane syntest det var for lite spennande. Av og til blei boka rett og slett for kjedeleg for dei. Og fleire av desse sa rett ut at dei ikkje likte å lese bøker, då var det kjekkare med tv og pc. Ein annan likte ikkje at det var ein historisk roman, han syntest ikkje det var gøy med bøker frå gamledagar, og meinte boka ville vore betre dersom handlinga var frå vår tid.

Men dei hadde noko positivt å seie, også. Omtrent alle elevane skreiv at det var ei interessant bok, med gode karakterar og ei god handling. Fleire likte at det var ein historisk roman, og syntest det var interessant å lære om ei anna tid. Sjølv om ein av dei syntest eg kunne hatt med fleire historiske detaljar. Alle skreiv at boka var lettlesen og at dei gløymte at ho var skriven på nynorsk. Dei likte særleg godt at setningane var korte og at det stod lite på sidene. Det gjorde det lettare å forstå og lese. Nokre av dei unge lesarane blei veldig begeistra. Dei skreiv at dei ikkje klarte å legge frå seg boka og dei likte veldig godt dei poetiske skildringane, fleire av desse var gutar.

Dei fleste stilte eitt eller fleire spørsmål om boka.
Fleire lurte veldig på kva denne isen i opningsscena har med saka å gjere. Først skjønte eg ikkje korfor dei hengte seg opp i det. Isen er jo ikkje temaet. Det som skjer er at Ingeborg dett på isen, og at ho på den måten får kontakt med Mikkel, som hjelper henne med å kome seg sjølv, og så blir dei forelska. Men det at så mange lurte på dette med isen fortel jo noko om kor viktig ei opningsscene er, og kor trente desse unge elevane er til å lese og tolke litteratur på ein spesiell måte, gjerne med blikk for symbolikk. No er det ikkje mykje symbolikk i Ingen må vite, men det kunne jo ikkje dei vite.

Fleire etterlyste også moralen.
Kva er eigentleg moralen her, spurte fleire.
Til det stilte eg følgjande spørsmål: treng alle bøker ha ein moral? er du van med å lese bøker med moral, og er det noko du liker?

Nokre fann ein del forvirrande punkt i historia, som trengte oppklaring. Særleg slutten var merkeleg for nokre. Kva er det eigentleg som skjer? Og så var det nokre som lurte på om det låg mykje bakgrunnsundersøking bak, kva som var grunnlaget for historia. Fleire likte temaet godt, og trekte linjer til vår eiga tid, og ting som skjer no.

Alt i alt opplevde eg elevreaksjonane som svært positive. Ikkje minst at fleire gutar verkeleg likte boka, og at alle syntest ho var interessant. Det var også fleire som syntest ho var spennande, og det var jo kjekt å høyre. Ei lærerik oppleving som nok kjem til å gjere meg meir medviten om ein del ting neste gong eg skriv for barn eller unge.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Tilbakemeldingar frå målgruppa må vere det aller finaste å få!

heklehatt leser sa...

hei aina, gratulerer! jeg kan anbefale deg å lese et essay av Knut Nærum i samtiden 4/2006: "Romanen er en lang, lang rebus". Han spør: «Har skolen virkelig fortalt elevene at en roman bare er en omstendelig måte å mene noe på?», og angriper skolens måte å jobbe med litteratur på, spesielt på bakgrunn av at han, som du nå har gjort, mottar mail fra ungdom som vil skrive om bøkene hans og lurer på hva budskapet i bøkene er.

Han spør seg om det er lærerne, norskbøkene eller hvem det er, som ikke legger vekt på litteratur som kunst, men som virkemddel til å pakke inn det man egentlig har å si. Kusnten skal gjøre verden til noe større, sier han, ikke gi fasitsvar.

På spørsmål om hvorfor han bruker humor som virkelmiddel i sine "samfunnskritiske romaner", svarer han: "Jeg bruker satire som virkemiddel i bøkene mine (...) på samme måte som man bruker jordbær som virkelmiddel i jordbærsyltetøy. Satiren er ikke et virkemiddel. Satiren er boka. Om noe er virkemiddel, så er det boka som er virkemiddel for satiren".

Fyren er bare helt topp!

Aina Basso sa...

Avil:
Ja, var kjekt dette!

Heklehatt:
Takk for tipset! Det er også ein interessant artikkel i Årboka for barne- og ungdomslitteratur som kom no denne veka, som tek føre seg nett det same i samband med ungdommars lesing av grenseoverskridande tekstar. Der stillast også spørsmålet om kva skulen lærer elevane opp til og om dette er for begrensande.

heklehatt leser sa...

spennende - har ikke hørt om den årboka før: hva er det, og hvor får man tak i den?

Aina Basso sa...

Den blir gitt ut i samarbeid mellom Samlaget og Norsk Barnebokinstitutt. Veldig interessant! Her er ei lenke:
http://www.samlaget.no/serie.cfm?id=266

heklehatt leser sa...

takk - nå er den bestilt!

Lille søster sa...

Flott å få tilbakemeldinger! Og fint at gutter ikke alltid er slik vi tenker oss dem.
Jeg reagere også på denne letingen etter moral eller etter budskap. Husker et intervju på tv med Ingvar Ambjørnsen, der han snakker om dette. Han får stadig brev fra unge lesere som spør etter budskapet i bøkene hans. Det er litt trist at litteraturen må puttes inn i skjemaer og reduseres til et budskap.

Aina Basso sa...

Ja, det er kjekt at gutar også liker anna enn berre æksjn. Men det visste vi jo, elles ville det jo ikkje funnest mannlege poetar.