Bøygen 04/07
Som nokre av dykk kanskje hugsar, hadde eg eit innlegg der eg gjengav min subjektive versjon av det Henrik H. Langeland føredrog om på møtet i Norsk forfattarsentrum 19. januar.
Nokre dagar seinare fekk eg ein epost frå redaktørane i Bøygen, litterært tidsskrift ved Universtitetet i Oslo. Dei hadde lese innlegget, og ville gjerne ha det med i det neste nummeret, som skal handle om smal litteratur, eller:
Bøygen 01/09 vil forsøke å utvide begrepet smal litteratur. Med andre ord: undersøke alt fra hvilken posisjon (/makt) den smale litteraturen har innenfor den litterære offentligheten, kan smal litteratur være bred, hvem er den smale litteraturen for, hvor finnes den, mariginaliserte posisjoner, på siden, i margen, etc. Vi tenker oss at dette både er en utforskning av hvilken litteratur som kan regnes som smal (les: sær? tynn? kort? god? bedre? best?), samt hvor og hvordan den kommer til uttrykk i det litterære feltet. Er det i det [hele] tatt vits i å snakke om "det smale"?
Og sidan mitt innlegg handla om nett det motsette av det smale, nemleg korleis skrive brei litteratur, syntest dei det var interessant å ta med.
Eg takka ja til førespurnaden, flikka så smått på innlegget og sendte til dei. Eg gler meg til å lese dette nummeret. Smal litteratur er noko eg forheld meg ein del til, og eg synest det er ein interessant diskusjon å ta opp.
Det nye nummeret er ikkje ferdig enno, men eg skal seie ifrå når det kjem - viss nokon av dykk der ute også er interesserte i dette og ikkje allereie har for vane å lese Bøygen.
2. februar 2009
Blogging i Bøygen
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Eg har for vane å lese Bøygen og eg gleder meg også til dette nummeret. Eg trur det blir veldig bra. Kjekt at du skal skrive der, då!
Gøy, grattis!
Berre så synd at de har lese innlegget mitt før. Hehe.
Eg gleder meg til å lese resten av Bøygen, uansett.
Det er fint, Bai.
Dette var jo kjekt! Det blir morsomt å lese innlegget likevel - på papir og i et tidsskrift.
Legg inn en kommentar