2. februar 2009

and the flames went higher

Lenge før eg visste noko som helst om Johnny Cash, kjente og elska eg denne songen. Eg brukte høyre på han saman med pappa i bilen. Pappa hadde kjøpt ei plate med country-hits. Dette var før det var kult å like country, men eg kunne ikkje la vere elske denne, eller Jolene, som eg høyrte om og om igjen. Plutseleg var ikkje Dolly Parton teit lenger.

Seinare kom American-utgjevingane til Johnny Cash, der han covrar alle dei fine låtane. Særleg The American IV med Hurt, Personal Jesus og We´ll Meet Again er blitt ei av mine favorittplater.

I går gjekk Walk The Line på tv, filmen om det trøblete livet til Johnny Cash før han endeleg fekk June Carter, og livet sitt på rett kjøl. Eg har sett filmen mange gongar, eg har han i hylla, men han gjer likevel sterkt inntrykk på meg kvar gong.

Så her er han. Johnny Cash med songen June Carter, som blei kona hans, skreiv og som skulle bli hans signatursong: Ring Of Fire.

2 kommentarer:

bandanders sa...

Ein kvan skulle ha forska på kva som har skjedd med statusen til countrymusikken. Det er ikkje mange år sidan du vart frådømt all musikalsk dømmmekraft dersom du hadde ei countryplate i samlinga di. No er det heilt stovereint å like Dolly Parton (for musikken hennar også).

Aina sa...

Sjølv merka eg denne endringa for... la oss seie fem-seks år sidan, då alle dei verkeleg kule rockegutane kunne spele Jolene på nachspiel, og i tillegg synge teksten på alle versa. Då var det plutseleg ikkje så flaut at det kunne eg også.

Nei, kva har skjedd? Nokon som hadde kred sa dei syntest country var kult. Det er jo det same som har skjedd med Abba, eigentleg. Eller åttitalspop. Madonna og Michael Jackson. Som no blir spelt i helgene på dei hippaste rockeutestadane i Oslo.

Det er jo det same som med bart, hockeysveis, høg sidelugg, vide bukser, smale bukser, minimalisme, maksimalisme, dikt på rim...
Nokon startar ei bølgje, og vi slenger oss på. Reaksjon. Motreaksjon. Noko slikt.