26. januar 2009

Vesaas og vinter

Den svartblanke isen her ved land var triveleg å kikke igjennom. Unn var ikkje vaksnare enn ho gjorde det, la seg flatt nedpå, med andletet inne i hendene for å samle synet.

Det var som å sjå gjennom ei blank glasrute.

Sola kom akkurat opp, kald og skrå, og lyste gjennom isen rakt ned på den brune botnen med gjørme og stein og botnvokstrar.

Ut frå land eit lite stykke var vatnet heilt botnfrosi. Sjølv botnen var her kvit av rim og med det tjukke stålislaget oppå. I denne isblokken var det innifrosi breie, sabelforma blekke, smale strå, skogsfrø og rusk, ein brun, sprikande maur - og blanda med perler som hadde laga seg i sjølve isen, og som skilde seg ut som perler når solstrålane råka dei. Svarte, avrunda ferskvass-strandsteinar sat òg i blokken saman med avflakna trepinnar. Bregner med knekk på stod i isen som dei finaste bilete.

Somt stod i botnen med røter, somt var innfanga av det storknande vatnet med det låg flaut i skorpa. Så vart skorpa stiv og det bygde seg vidare.

Unn låg og såg, innfanga av det, det var rarare enn noko eventyr.

Sjå meir -

Ho låg flatt på isen. Kjende ikkje kulden enno. Den smale kroppen hennar vart ein skugge nedpå botnen med forvrengd menneskeform.

Tarjei Vesaas. Is-slottet (1963)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Åh. Så veldig fint.

Bai sa...

Det er akkurat derfor eg liker Tarjei Vesaas så godt. Fordi han kan skrive slik som dette.

Lille søster sa...

Ja. Derfor.

Aina Basso sa...

Det er difor eg òg liker han.
Men også fordi han skriv gode og viktige historier.