Ei rask oppteljing viser at eg har fått 21 gode omtalar av Ingen må vite på ymse bokbloggar. Det hadde eg aldri venta!
Marknadsavdelinga i Samlaget sendte i haust ut ein førespurnad til nokre utvalde bokbloggarar om frieksemplar av boka. Eg hadde sjølv skaffa ei liste over bloggar eg kjente til. Men eg hadde ikkje venta at så mange faktisk ville lese og skrive vel om henne! Og særleg ikkje at andre ville fortsetje å lese og skrive sjølv etter at dei med frieksemplar var ferdige.
Det er frykteleg kjekt å sleppe si første bok ut i verda med denne fantastiske responsen! Så takk til alle som les og liker og seier det vidare! Eg er overvelda og full av motivasjon for å skrive meir og betre.
For lenker til bloggane og omtalane, sjå i lenkelista til høgre. Og ta gjerne ein kik på bloggens andre innlegg medan du er der.
31. januar 2009
Takk, gode bokbloggarar!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Boka di har gjort oss begeistret, ingen tvil om det! Jeg vet ikke om jeg hadde oppdaget den hvis jeg ikke hadde kommet over bloggen Aroundbooks og derfra til din blogg. Der ser en hvordan bloggere kan påvirke lesingen.
Jeg tror det må være annerledes å gi ut boka si når en har andre bloggere som skriver om boka, og når du kan blogge om egen skriving og få respons, dele glede over gode omtaler osv. Det blir noe helt annet enn å slippe boka ut i ingenting, slik jeg syntes det var da jeg ga ut for noen år siden. Det var avisenes respons, og så ferdig.
Eg sit med ei kjensle av å ha blitt kjend med boka di gjennom alle bloggane som har skrive om henne. Eg har bestemt for at denne skal eg verkeleg prioritere å lese sjølv. Boka di har jo fått sjeldan einstemmig applaus frå bloggeverda.
Lille søster:
Ja, det er nok ein stor forskjell. For min del hjelper det nok også at eg har ein blogg eg har skrive fleire år før boka kom ut.
Og eg merkar jo også sjølv kor mykje eg påverkast av å lese bokbloggar. Nye bøker kjem til på leselista, og nye forfattarar blir oppdaga. Det er ein fin ting.
Bai:
Det er hyggeleg!
Det er vel slik at dei som har skrive om boka, har skrive positivt. Men dei som ikkje er positive, har kanskje late vere å skrive?
Legg inn en kommentar