24. januar 2009

Gode folk

Takka vere min gode medbloggar og ypparlege medmenneske Rullerusk, har eg no fått tak i ein billett til konserten med PJ Harvey og John Parish på Rockefeller 10. mai.
Det må eg seie var eit løft!

Elles streifa eg innom ein bokhandel i går og plukka med meg Is-slottet av Tarjei Vesaas, som eg no har byrja lese. Både tynn og FIN! Dette er saker. For ein dag! For eit liv!

Dette må vi feire med ein låt! Av kven? PJ og John, så klart!
- Is That All There Is?

5 kommentarer:

Lille søster sa...

Så heldig du er som har billetter!
Og så flott at du liker "Isslottet"!

Aina Basso sa...

Ja, takka vere Rullerusk!

Eg visste elles at eg kom til å like Is-slottet. Vesaas er jo strålande.

Anonym sa...

Så kjekt at vi begge får gått på konsert. Hyggelig å kunne hjelpe. :)

jeg har ikke lest noe av Vesaas, men har hatt lyst til å lese Is-slottet lenge. Må se til å få gjort det snart.

Anonym sa...

Av alle millionane med bloggar som finst i verda, har eg eit par, tre eg liksom ”må” innom. Om vi tek omsyn til merkelappar, kategoriar, båsar og alt anna vi nyttar til å sortere kvarandre med, er sjansen for at akkurat Flimre skulle vere ein av dei, forsvinnande liten. Så eg har grunda litt på det. Kvifor akkurat Flimre. No trur eg at eg har funne det ut.

Eg likar å lese om folk som likar folk og gjev uttrykk for det.

Eg likar å lese om folk som let det lyse så godt gjennom at dei elskar det dei driv med.

Takk skal du ha.

Aina Basso sa...

Rullerusk:
No har ei venninne av meg fått tak i seks billettar til, så no blir vi ein heil gjeng, vi òg! Dette blir kjekt.

Du må lese Vesaas!

Bandanders:
Det var veldig kjekt å høyre. Takk for fine ord!