30. januar 2009

Ein heilt uvanleg torsdag

Kva er ein torsdag?

Siste dagen før helga. Dagen då ein byrjar sjå lyset i andre enden. I gamle dagar ein fin dag å gå ut, men det var i dei frie studiedagane. No til dags stort sett roleg, kanskje ut på noko, eit arrangement, om ikkje anna ein tur på kafé. Men i går altså spekka av interessante og fine opplevingar.

Eg var først på lansering av Flamme forlags siste bok, ...rasende..., av den danske forfattaren Pablo Henrik Llambias. Boka er omsett av Trude Marstein, men det var forfattaren sjølv om presenterte både denne nye boka og las frå tidlegare utgjevingar. Han blei intervjua av Bendik Wold. HER kan du lese det Flamme sjølv skriv.

Deretter var det strake vegen til Gamla på konsert med den unge, lovande folk-musikaren Jens Carelius. Fine låtar, glitrande gitarspel, og ei unik og vakker stemme.

Som hovudpersonen sjølv sa: Det er muleg det blir litt hippiestemning her i kveld, og det blei det. Folk kom og gjekk på scena. Arild Hammerø spelte, både saman med Carelius og med eiga besetning, Siri Nilsen - den talentfulle dottera til Lillebjørn, med enorm musikalitet og vassklar stemme - spelte, og mange fleire, for mange til å nemne. Blues Run The Game, må kanskje nemnast, bandet til fleire av desse folka.

Ein finfin kveld. Ein kveld som legg att spor av noko godt i kroppen.

2 kommentarer:

Hilde sa...

Enig! Takk for fin kveld, darling.

Aina sa...

Sjølv takk, kjære!