8. januar 2009

Det er den draumen


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,

at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.


Olav H. Hauge

4 kommentarer:

Monica sa...

Det er så uendelig vakkert, det diktet. Av alt mormoren min har glemt, der hun sitter på hjem, husker hun dette. Vi husker det sammen :)

Aina Basso sa...

Ja, det er så vakkert at eg får vondt i hjartet. Så fint det du fortel om deg og mormor. Eg har noko spesielt eg hugsar saman med mi mormor, som vi alltid kjem til å hugse saman, uansett om ho gløymer det meste. Og det er "Den fyrste song eg høyra fekk" av Per Sivle.

heklehatt leser sa...

Akkurat sånn!

Anonym sa...

Sant, så vakkert at det er vondt.