22. januar 2009

Berre skriv

Kanskje var det då nokon sa: Ja, men, du kan jo tillate deg å slappe av, no. Du har nettopp gitt ut ei bok, du treng ikkje tenke på den neste enno! at eg faktisk klarte å slappe av akkurat nok til at eg fortsette å skrive dagen etter.

I går gjekk eg laus på problemområdet. Eg hadde vegra meg for den delen av historia. Det var så vanskeleg å skrive skikkeleg om det, etterretteleg. Samtidig var det den mest spennande og interessante delen av forteljinga, så å velje det vekk ville ikkje berre vere feigt, men direkte idiotisk.

Det første eg gjorde då eg kom inn døra, var å skrive ei skisse.
Kva vil eg? var overskrifta.
Så skreiv eg tankane ned etter kvart som eg tenkte dei. Kva skal ho gjere, korfor gjer ho det, kva vil ho, kven andre finst i omgjevnadane, korleis skal det skje, korfor, og så, og så deretter, og så bortetter.

Etterpå byrja eg skrive ei scene i ein heilt annan ende av historia. Den enden eg hadde vegra meg for å ha med, og som heilt sikkert kjem til å bli den mest spennande delen. Av og til er eg så rar. Det er så freistande å ta dei lette utvegane. Men av dei lette utvegane blir det ikkje god litteratur, blir det?

Det kom ei scene. Ein ny karakter. Han fekk eit namn, eit andlet, ein personlegdom.
Det kom to scener til, og endå ein ny karakter, med namn, utsjånad, ei byrjande historie.
Det byrja utvikle seg spenningar i teksten, det byrja bli omgjevnadar, inne og ute, det byrja bli noko levande utav det.

Kanskje er alt som trengst å slappe av. Å tenke: det er ikkje så farleg om dette blir, kva dette blir, kven det blir for. Berre skriv.
Det funkar.

6 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Spennende at du deler prosessen med bloggleserne dine.

Aina Basso sa...

Eg kjem nok ikkje til å dele heile prosessen, men eg kan dele delar!

Lille søster sa...

Dette høres bra ut! Heia!

kristine sa...

God skriving! Hyggelig å høre når det går bra.

Anonym sa...

Alltid spennende å få et glimt inn i en skriveprosess. Jeg slutter aldri å bli fascinert over alle de mulige måtene en bok kan bli skapt på. Takk for at du delte litt av din prosess :-)

Aina Basso sa...

Kjekt å høyre, Jorid. Ofte føler ein ikkje for å dele nett frå prosessen, fordi ein er så redd for å få det til å stanse opp, øydelegge noko. Men denne gongen kjentest det ok.