12. januar 2009

Askildsen på iPoden

Jada, eg veit, eg er blitt så fænsi, og snakkar om det heile tida. Eg seier ting som: eg skjøner ikkje korfor eg ikkje har gjort dette før! og meiner det. Og med det, meiner eg, kjøpt iPod. Lasta ned podcast. Lagt innpå all den fantastiske musikken eg aldri får høyrt på, fordi eg er sjukeleg dårleg til å lytte til musikk når eg er heime. Som eg er veldig god til å høyre på når eg går 20 minutt x 2 fram og tilbake til jobb kvar dag. Eller podcast, altså. I dag høyrte eg på Kjell Askildsen.

Det var ei utgåve av Radiodokumentaren eg hadde lasta ned. Forfatteren og tingene, var tittelen. Og tanken var å snike seg inn på dei stakkars forfattarane i sine eigne heimar, lære meir om forfattarane via deira eigne ting og få dei til å losne snippen i sine eigne stolar, ved sine eigne bord. Tippar eg. Men var Askildsen med på det? Neidå. Han var ikkje interessert i å sleppe nokon journalist inn til seg sjølv. Så dei fór heim til henne, i staden. Så fekk ho heller spørje han kva slags ting han hadde.

Han fortalte at han skreiv på eit kontor i heimen sin, der det stort sett berre var bøker. Ja, og nokre bilete, då.
Han fortalte at han har ein relativt dårleg kikkert. Han er for smart til å seie at han har ein skikkeleg god kikkert, stjernekikkert, faktisk, for han veit at då vil journalisten med det same forsøke å lure han til å innrømme at han er ein kikar på akkurat same vis som menneska i nokre av novellene hans.
Han fortalte at han drikk vin når han skriv. Han har altså glas i sitt hus. Og flasker.

Dei snakka sjølvsagt også om forfattarskapen hans. Om tekstane hans. Om kor vidt dei han skriv om er han sjølv (noko som verkar vere eit tema av nærast utømeleg interesse for så godt som alle journalistar). Om kor vidt han sjølv har gjort, eller opplevd, eller sagt, eller tenkt, eller følt, etc, alt det karakterane i tekstane hans gjer.
Og til ein viss grad ja og til ein viss grad nei, svarer den gode Askildsen. Litt av seg sjølv må ein jo bruke.
Og han les frå nokre av tekstane. Med den fine stemma si, dei fine setningane.
Og han seier frykteleg mykje interessant som eg kjem til å lytte til igjen og igjen og igjen.
Mellom anna seier han at han ikkje får til å skrive lenger. At han ikkje har skrive skikkeleg på ti år.
Og han seier i tillegg at han skriv uendeleg sakte. Nett slik som Ingrid Z. Aanestad.
Eg trur eg synest han er den vakraste mannen.

7 kommentarer:

heklehatt leser sa...

nå var det jaggu mange nye innlegg her! og enig: ipod er en FANTASTISK oppfinnelse (- nesten som sykkelen...)! og podcast er vidunderlig. Jeg pleier å laste ned et et tysk litteraturprogram der de diskuterer nyutgivelser og diverse temaer, både for å trene tysken og glede meg over at det finnes slike program. Men nå sier du altså at det kan lastes ned litteraturprogram på norsk også - FANTASTISK!
:-)

Lille søster sa...

Jeg må visst kaste meg på podcast. Har jo ipod. Må bare finne ut hvordan det skal gjøres.

Aina Basso sa...

NRK har lagt ut mykje bra på podcast! Eg abonnerer på Boktilsynet/ Bok i p2, Radiofront, diverse. Og det er veldig lett. Klikk på podcast i iTunes, søk på NRK. Det er så lett som ... det er veldig lett. EG fekk det til. Og eg har hatt aipådd i to veker.

Lille søster sa...

Jeg skal gjøre det. Før hørte jeg alltid på de programmene, nå har det liksom sklidd ut. Gleder meg til å prøve.

Aina Basso sa...

Ja, det er veldig fint! Og NRK har eit veldig godt tilbod.

Unknown sa...

Velkomen i klubben. Podkastar er fantastiske, spesielt etter at NRK får legge ut program med musikk (P.I.L.S. er obligatorisk...)

Det er mange fine strikkepodkastar òg, men det vert kanskje for spesielt interesserte?

Aina Basso sa...

Takk takk!
Eg trur ikkje eg hiv meg på strikkepodcastar med det første, då er musikk litt meir mi greie.
Ikkje for det, eg er ein raser til å hekle slike trekanta sjal. Men strikking? Njei.