5. desember 2008

Stripekalven

I dag fekk eg ei veldig fin oppmuntringsgåve i posten.
Marit Kaldhol har sendt meg si og Justyna Nyka si siste biletbok, Stripekalven.

Eg sette meg sporenstreks ned og las. Det er ei veldig fin bok, med flotte og særeigne illustrasjonar. Marit Kaldhol og Justyna Nyka har også tidlegare samarbeidd om fine, unike bøker, mellom andre ei av dei finaste diktsamlingane eg veit om, ho som ror.

Stripekalven handlar om ein liten kalv som blir åleine i skogen etter at mor reiser til byen for å kjøpe nye sko. Og så kjem mørke Nekut og legg seg nedover han.

Kalven ser ikkje skogen.
Ikkje vegen inn i skogen.
Ikkje vegen ut av skogen.
Ikkje seg sjølv i skogen.
Kalven ser ingenting.
Nekut er det svartaste som finst.

- Slepp meg ut, Nekut! ber Kalven.
Nekut svarar ikkje.
Nekut rikkar seg ikkje.

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, denne har jeg også tenkt å lese. Jeg har lånt "Ho som ror" og "Reisa til H." på biblioteket nå. Kommer nok til å skrive et blogginnlegg om "Ho som ror" - den er så fin!

Aina sa...

Så hyggeleg å høyre! Glad du også likte ho som ror. Det er ei av desse bøkene som alltid får meg til å gråte ein skvett.

Lille søster sa...

Må beundre Marit Kaldhol - hun er så allsidig. Bøker for barn, for ungdom og for voksne, i så mange sjangere.

Aina sa...

Ja, det er sant. Ho byrja jo også med dikt, slik som deg, for 25 år sidan. Så her er det berre å la seg inspirere!

Lille søster sa...

Ja, jeg blir inspirert!

Aina sa...

Så bra!

CassandraMortmain sa...

Jeg har nettopp lest intervjuet med Kaldhol i nettutgava av Sumpen og skjønner ikke helt de arge kommentarene til saken. Sitter igjen litt forundra over at noen kan bli så irritert over en forfatter som snakker om ei barnebok?

Aina sa...

For meg er det heilt uforståeleg. Og alt skuldast at éin person i éi lokalavis har lagt boka for hat. Storm i eit vassglas, spør du meg. Eg reagerte absolutt ikkje slik på boka! Og eg tviler på at dei som har skrive dei arge kommentarane har lese boka sjølve. Verkar ikkje slik. I alle andre aviser (inkl. Vårt Land) har boka fått veldig gode meldingar.

Her er det aktuelle intervjuet:
http://www.smp.no/article/20081225/NYHETER/153094277/1035/KULTUR