4. desember 2008

The Stone Roses


Kva skuldast denne plutselege oppblomstringa av musikkinteressen min?

Etter nokre år med lite intensitet i det musikalske feltet, tek eg meg plutseleg i å stadig tenke på nye låtar, ny musikk - eller gamle låtar, gamle favorittar - og å byrje orientere meg i det musikalske landskapet igjen. I større grad enn på lang tid. Medan eg lenge har vald vekk musikken til fordel for litteraturen, har eg no nådd det første målet mitt, nemleg å debutere skjønnlitterært, og då finn eg plutseleg nytt rom for musikken igjen. Og ikkje berre rom, men sug. Ja, rett og slett eit sug etter musikk.

Då eg var i tenåra var eg ekstremt oppteken av musikk. Som tolvåring byrja eg å høyre på alle dei store: The Smiths, The Doors; vegen gjekk vidare til grønsjen, særleg representert ved Pearl Jam, og så høyrte eg mykje på The Stone Roses.

For nokre veker sidan såg eg den britiske filmen This Is England, som handlar om skinhead-miljøet i England på åttitalet. Etter at eg hadde sett denne både fine og nokså ubehagelege filmen, leitte eg fram The Stone Roses frå cd-hylla, og sette det på. Og i går las eg vidare i Møt meg, møt meg, møt meg av Nils-Øivind Haagensen. I boka fer Nils til Manchester der han mellom anna byrjar å tenke på ein Stone Roses-låt. Og det byrja eg å gjere, òg. Men ein annan låt.

Så her er dagens låt, I Wanna Be Adored med The Stone Roses, ein av dei beste frå det bandet, etter mi meining. Videoen let seg ikkje innlemme i bloggposten, så ei lenke får halde for denne gongen.

7 kommentarer:

Monica sa...

Wow. Jeg hadde en gang en kompis som fortalte at dengang han møtte en jente på festival og hun ikke bare var søt, men også sa at hun likte Stone Roses, da var han solgt. Drømmedama, liksom. Skjønner du?

(Nå er han gift med en annen dame, da, men det er vel for pokker en annen historie :)

Aina Basso sa...

Det var ei sabla fin historie, Monica! Klart eg skjøner. Eg har det sameleis sjølv. Ikkje berre var han søt, men han likte Stone Roses, også. Nei. Det er ikkje mitt drøymemannkriterium. Men det finst noko tilsvarande der. Heilt klart.

Anonym sa...

I dag er det din skyld at folk ser rart på meg, Aina. Kunne ikke la være å synge (litt) høyt på denne fantastiske sangen mens jeg gikk fra jobb.. "I wanna be adooored, you adore me, you adore me..."

Og nå holder jeg på å laste ned "This is England". En skam at jeg ikke har fått sett den ennå.

Aina Basso sa...

Eg veit ikkje om eg kan ta på meg heile skulda for at du syng så høgt at folk byrjar glo på deg, men eg kan godt ta på meg skuldra for å ha mint deg på ein skikkeleg bra låt! Og gitt deg filmtips!

Anonym sa...

:)

Midifila sa...

Flott med musikktips, Aina.
Meir, meir!

Aina Basso sa...

Glad du liker det! I´ll keep ´em comin´!