Ja, for det heiter framleis gangfest, sjølv om festen for lengst er flytta frå gangane og dei små kontora i det gamle Samlagshuset, og inn i ei romsleg, fin og ny kantine, i det nye, med blenkande julelysjuggel på veggane (innkjøpt av Ragnar Hovland i si tid) og telys på borda.
Og det var fint å vere på julefest hos Samlaget. Som eg har byrja kalle "forlaget mitt", som om eg eigde det. For det er lett å bli varm i trøya der. Dei som jobbar der er fine folk, dei som skriv der er fine folk, ja, det er igrunnen veldig fint, alt saman. Fint, fint, fint.
11. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Fint å ha forlagstilhørighet! Og Samlaget virker så fint å være på.
Ja, det er veldig fint. Det er ikkje så stort at ein forsvinn, men framleis ganske stort.
Legg inn en kommentar