Eg byrja lese Skagerrak av Hilde K. Kvalvaag i går. Det er hennar debut som vaksenbokforfattar, men ho er dreven i gamet, og har gitt ut to prislønte ungdomsromanar tidlegare.
Det var godt å kome inn i sommarverda i Skagerrak. Romanen handlar om to unge par med små barn, som reiser på ferie saman til den same staden i Danmark kvar sommar. Men under den idylliske overflata både skurrar og skrapar det. Som når ein løftar på ein stein i fjøra, og ser alle dei sleipe krypa som kravlar og yrer.
Eg prøvde også å fortsetje med Americana i går, men eg lurer på om toget er gått. Eg hugsar ikkje lenger kven alle karakterane er, eg forstår ikkje samanhengane. Likevel har eg ikkje lyst til å gi meg.
Eg har også tenkt litt meir på juleferie-lektyren. Eg vil ha ei tynn bok til å ha i veska på turen. Først tenkte eg på Harens år av Arto Passiliina, som eg trur pappa sette igjen i hylla mi etter ein Oslotur i vår. Så tenkte eg litt på noko gullalderkrim. Og så, no nettopp, kom eg på Andvake av Jon Fosse, som jo er ei slags juleforteljing. Kanskje det hadde vore noko?
Eg har ikkje bestemt meg enno. Eg tenker eg tek det på dagsforma på søndag.
18. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Ta med deg Andvake. Tror ikke du kommer til å angre på det. :)
Ta med deg begge! De er tynne og lettleste begge to: Harens år, hvis du trenger noe festlig og underholdende, Andvake hvis du vil ha språket og roen. Så kan du sette igjen den ene hos faren din:-) God tur!
Heilt einig, du blir ikkje skuffa av Andvake!
Så ble jeg også minnet på en bok jeg en gang hadde tenkt å lese...
Legg inn en kommentar