7. desember 2008

Inkje versus kjønn

Noko eg merkar meg når eg les bokmålsbøker, er forskjellen det gjer når ein (på bokmål) kallar noko, til dømes ein hund, for den i staden for han, som vi ville gjort på nynorsk. Det er ikkje det at det ikkje er lov å skrive den på nynorsk, men det er ein vilje til å ikkje gjere det, og å heller erstatte den med han eller ho, alt etter substantivet sitt kjønn.

Slik at når ein på bokmål skriv om hunden at den logrer, skriv ein på nynorsk at det er han som lograr. Og når ein på bokmål skriv om vinden at den blåser, så skriv ein på nynorsk at han blæs. På same vis som ho (jorda) sakte roterer om sin eigen akse. Eller han (sjøen) ligg der, berre ligg der, heilt still.

13 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, dette er en morsom forskjell! For en bokmålsbruker som meg skaper nynorsken en kjønnet og nærmest besjelet verden. Vinden er et mannlig vesen. Elva er et kvinnelig. Jeg vet jo at dette er gramatikk, at dere som skriver nynorsk ikke går rundt og tenker på vinden som en mann og slikt. Men du skjønner hva jeg mener?

bandanders sa...

Eg tenkjer meg to karar som niheld seg til rekka på gamle Nordlys som er på veg over Stadthavet i sørvestkuling. Den eine seier ”Ja, han blæs godt i kveld”. Eg har ikkje fantasi nok til å tenkje meg kva ein stakkars ”bokmåling” skulle skrive for å uttrykke det same tilhøvet til naturkreftene. Men så er eg ikkje forfattar heller då. I fylgje nære kjelder, meir ein slapp lesar.

Silje sa...

Bandanders: Vi "bokmålinger" holder oss naturligvis innendørs i denslags vær. Alternativt er vi for opptatte med å mate krabbene til å konversere noe større ;-)

mette sa...

apropos konservativ nynorsk versus (mot!) meir liberal nynorsk;

eg synes at _inkje_ er eit praktisk og økonomisk ord som sparar tunge, lange setninger. det finnst ikkje i dialekta mi, så eg bruker det ikkje sjølv. men eg liker det godt når du gjer det!

Aina sa...

Lille søster:
Ja, akkurat slik! Eg tenker på naturen som kjønna, eller fenomen i naturen, som kjønna, men det er sannsynlegvis på grunn av det språklege. Men når det er sagt ville eg nok heller tenkt at vinden var ei kvinne. Mild, kjærleg, hard, lidenskapleg, piskande, sint, farleg, leiken. Skjøner? :)

Bandanders og Silje:
Ja, det er utan tvil lettare å skrive om vêret på nynorsk, iallfall slik du legg det fram. Men så er det jo, som Silje seier, heilt unaudsynt for bokmålingane å skrive om det, fordi dei uansett berre sit inne framfor peisen og hutrar, og blir redde viss det blæs litt... ;)

Mette:
Takk for det. Eg skriv, som du sikkert har merka, ikkje naudsynleg dialektnær nynorsk. Eg har eit meir litterært forhold til språket, og bruker derfor ord som svevn, mørker, mv. i staden for meir moderne former. Men eg tilstrever samtidig å skrive flytande og lettfatteleg, så eg trur eg er i ein mellomposisjon språkleg sett.

leselistami sa...

Jeg skriver bokmål, men dialekten min bruker han og ho om hunden og været. Og det jeg kom til å lure på; dersom man skriver radikalt bokmål, kan man bruke han og ho da?

Aina sa...

Det trur eg vi får spørje dei radikale bokmålingane om!
Eg får ikkje heilt dreisen på bokmål, iallfall ikkje det radikale. Det går heilt i surr. Så eg skriv relativt konservativt bokmål når eg må. Men eg øver meg. Og eg klarer å skrive elva og hytta, altså ;)

Silje sa...

Angående snakk om været: Iblant holder ikke nynorsk heller. Tross alt er både nynorsk og bokmål skriftspråk. Dialekter, derimot ...
I forbindelse med langvarig utendørs feltarbeid i Romsdal på vinterstid(innimellom all hutringa foran peisen), tilegna jeg meg de to utmerkede "Det e snekje" (= surt og kaldt, men tross alt overkommelig) og "No va det otusje" (= direkte ufyselig, på tide å pakke sammen). Veldig anvendelige vendinger!

leselistami sa...

Jeg håper de stikker noen radikale bokmålerne innom. :)

Silje sa...

Jeg driver forresten og utforsker radikalt bokmål for tida, da bokverket jeg er medforfatter på visstnok skal skrivs på denne målformen (unnskyld: målforma)- alternativt på "dialektnært bokmål" (hva nå det måtte bety i en kommune med flere, markert ulike dialektvarianter). Hvis noen vet noe om eventuelle retnigslinjer, så fortell, fortell! (Jeg mener sjøl at jeg SNAKKER radikalt bokmål, men hvem vet ...)

Tehme Melck sa...

Dette er et velkjent problem også for oss som oversetter fra engelsk. Der er dyr ofte "he" eller "she", men uspesifiserte dyr må nødvendigvis bli "den" på bokmål.

Aina sa...

Ja, eg håper også dei radikale bokmålingane kjem på banen. Men dei les kanskje ikkje denne bloggen?

TM:
Endå ein god grunn til å byrje omsetje til nynorsk!

Elin sa...

Her synes jeg faktisk at bokmål er bedre enn nynorsk. Jeg er FOR å avkjønne så langt det hår. På finsk har man jo ikke han/hun i det hele tatt! :-)