25. desember 2008

Gåvene

I årets vesle gåvestabel fanst det fire bøker og ei plate.
I tillegg til diverse andre ting eg i meir eller mindre grad hadde ønska meg. Og sidan eg skriv meir om bøker og musikk i denne bloggen, enn om til dømes deilige ullklede, er det desse gåvene eg plukkar ut og fokuserer på i denne bloggposten.

Dette fekk eg, altså:

Bøker:
Edvard Hoem: Mors og fars historie
Diane Setterfield: Den trettende fortellingen
Marjane Satrapi: Embroideries
og
Anne Kath. Herland og Eivind Hellstrøm: Inn med sølvskje

Musikk:
Rockettothesky: Medea

og i tillegg pengar slik at eg også endeleg kan kjøpe meg ein etter kvart etterlengta aipådd.

Det var årets julegåvepost. Over og ut.

6 kommentarer:

CassandraMortmain sa...

Heldige du som får bøker i julegave!

Aina Basso sa...

Ja, er eg ikkje heldig?
Kva får du, då?

Avil sa...

Eg er spent på Embroideries. Eg elska Satrapi sin Persepolis.

Og er har høyrt Hoem fortelje om foreldra sine og den boka. Lillehammer littfest, då eg nett hadde else sjølv for første gong. Fryse-på-ryggen-og-gløyme-seg-sjølv-augneblink midt i ein ellers veldig sjølvsentrert og nervøs setting.

Aina Basso sa...

Eg likte også veldig godt Persepolis! Så dette blir bra, trur eg! Og så kan eg lære meg å lage mat på kjøpet.

Jørn Roeim sa...

Herland & Hellstrøm burde du bytte. En lekker bok å se på, men etter min mening (og erfaring) en kjendis-jålebok med liten praktisk verdi. Det er lett å la seg narre av lekre bilder og lay-out. Den kokeboka som heter bare "Sølvskjeen", derimot (den italienske "matbibelen", nå oversatt til norsk) er en bok med stor nytteverdi (men uten bilder!).
Når jeg sier at jeg snakker av erfaring, er det fordi Herland & Hellstrøm lå under treet her i fjor, men er ikke blitt brukt. Den italienske "Sølvskjeen" lå under treet i år, og er allerede blitt brukt med godt resultat, og skal brukes igjen om tre dager.

Anonym sa...

Likte du forresten "Medea"? Jeg har hørt litt ymse om den, men liker jo den første skiva deres.