1. desember 2008

Blåmåndag

Det er måndag.
Måndagen er oppkalla etter guden Måne i den norrøne gudetrua. Men de visste de vel.

I vår tid er kan hende måndagen meir knytt til uttrykket blåmåndag, og om ein måndag ikkje er blå, så er det berre fordi vi har ferie. Men eg har ikkje ferie. Min måndag er blå, og sidan eg ikkje veit om nokon song som heiter Monday Bloody Mondag, får det bli U2s klassiske Sunday Bloody Sunday i staden. Eg saknar tida då det bandet hadde nerve. Vi får mimre, vi får setje inn Monday i staden for Sunday, og satse på at tysdag (ja, oppkalla etter den norrøne krigsguden Ty), blir betre. I morgon tek vi til våpen. Men inntil då sippar vi over at det er måndag, og et kanskje litt sjokolade eller noko sånt.

Ingen kommentarer: