Dei kjem inn frå sidelinja, snuser seg fram til det veikaste leddet, sirklar seg inn mot det svakaste punktet. Dei byrjar med smiger.
Å, du som er så flink og søt og kjekk vil vel ikkje ha meg, seier dei. Du som er så populær, du som har så mange andre. Ho nøler. Eg har ikkje så mange, seier ho.
Dei smiler og ristar på hovuda.
Så byrjar dei lokke. Dei stiller seg med ryggen til ei stund, berre slik at ho skal bli ørlite nysgjerrig på kva dei driv med. Så snur dei seg mot henne igjen. Fiksa fasadar, fargerike, freistande. Ho tenker på dei andre. Alle dei andre som ligg og ventar. Ho ser på dei nye. Dei ser så spennande ut. Så artige. Så fine. Ho prøver å riste det av seg. Lysta, begjæret, nysgjerrigheita.
Ho byrjar å gå mot døra. Så brått snur ho seg. Fort triv ho med seg ei og går til skranken i biblioteket.
I dag: Tjuven av Rune Belsvik.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Morsom vinkling. Kjenner meg igjen.
Eg tenkte eg skulle prøve å lure lesaren litt, for ein gongs skuld. Og så: det overraskande vendepunktet! hehe.
Jeg ble lurt, først. En annen ting er at dialogen, i hvert fall deler av den, nok ville hørtes annerledes ut. Men mange andre har jeg jo ...
Hehe. Så gøy at du blei litt lurt!
Gled deg! :-D
Eg er i gang! Og så har eg jo høyrt forfattaren lese og fortelje frå boka, òg. Så eg veit kva slutten er. Og den er veldig, veldig fin. Faktisk byrja eg nesten å gråte.
Legg inn en kommentar