18. november 2008

Overalt

Eg vél heilt andre bøker enn for to år sidan.

Medan eg skreiv Ingen må vite las eg tilrådde bøker sånn omtrent innanfor min sjanger.
Eg las historiske ungdomsromanar, poesi, stram og poetisk prosa.

No les eg òg ungdomsromanar, men ikkje historiske. Eg les barnebøker, stadig meir lyrikk, eg les debutantar, eg les kollegaer, eg freistar få eit overblikk over kva som rører seg i norsk samtidslitteratur, den som er ved sida av den bokklubben presenterer, du veit, den det er mest av og som får minst merksemd, og som, tru det eller ei, er best.

Eg kjenner meg, med få unntak, umotivert for å lese handlingsdrivne romanar. Då må det vere noko anna der. Noko som gjer at dei skil seg frå alle andre handlingsdrivne romanar. Men handlingsdriven lyrikk kan eg gjerne lese. Eller språkdriven prosa.

Eg les for å orientere meg, for å lære. Slik ein debutant skal og må gjere. Eg les for å vite kva eg konkurrerer mot. Kva lesarane mine kan tenkast å ha av referansar.
Eg les for å skrive betre tekstar. Eg les for å vite kva ein god tekst er. Ifølgje meg. Og eg er ikkje heilt viljelaus.

Eg les for å bli kjent med folk. Eg les frykteleg mykje. Eg les til eg blir utmatta berre ved tanken. Overalt ligg bøker. Overalt.

11 kommentarer:

Anonym sa...

Hm. Det høres i grunnen litt trist ut. Nesten litt skremmende. Hva med å lese kun for den umiddelbare gleden ved å lese? Selv merker jeg at jeg er redd for å miste den evnen.

Aina Basso sa...

Misforstå meg rett: Eg les ikkje noko som ikkje gir meg glede. Men den reint handlingsdrivne underhaldingsromanen, som (vel å merke!) ikkje er vidare intelligent skriven (som t.d. det meste innan krimsjangeren), gir meg ikkje lenger glede. Dårleg språk kan ikkje lenger oversjåas berre handlinga er spennande nok. Det betyr ikkje at eg ikkje les intelligente og interessante handlingsdrivne romanar, for det gjer eg. Eller av og til ei bok berre fordi ho verkar kul eller spennande eller morosam. Men eg blir oftare skuffa enn før.

Eg snakka med ei som har vore i gamet i ein del år, og det ho sakna mest frå tida før ho blei forfattar, var nettopp det du òg er redd for å miste: evnen til å la seg rive med som lesar, utan å heile tida analysere det ein les.

For meg kjennest det ikkje som noko sakn. Eg les framleis bøker fordi det gir meg glede og fordi dei er gode, eg let meg rive med, og det trur eg at eg kjem til å fortsetje med. Men eg ser også andre dimensjonar ved tekstane. Verkemidla, språket, forma.
Eg synest det er ein betre måte å lese på. Fordi ein er nærare den som skriv.

Men eg trur det kan vere ein litt meir ekstrem fase eg går gjennom akkurat no. Litt slik som då eg byrja ta songundervisning på vgs og syntest Bono song så surt at eg ikkje orka høyre på U2 lenger. Det gjekk over etter ei stund.

Les ikkje du annleis då? No som du har gitt ut bok sjølv?

Anonym sa...

Joda. Jeg gjør vel det. Litt motvillig, bare ...

Kjenner igjen den musikkanalogien :-) Jeg har også drevet en del med sang, men heldigvis kommet til at renhet og kvalitet ikke er synonymer, verken den ene eller den andre veien. Som med litteraturen - det finnes så mange flere aspekter enn plettfri språkføring (selv om jeg må innrømme at dårlig språk irriterer og ødelegger).

Aina Basso sa...

Hehe. Eg trur det er naturleg.

Eg er framleis frykteleg oppteken av rein vokal og endå meir frykteleg oppteken av godt språk, men kanskje ikkje på heilt same måte som før. Det er noko sjarmerande med det som skranglar, òg.

Anonym sa...

Jepp! Selv har jeg Tom Waits blant mine klare artistfavoritter. Stort mer skranglete er det vanskelig å få det ...

Aina Basso sa...

Hehe, sant nok. Mange fine skranglefolk der ute.

Anonym sa...

Veldig fint å ha det slik. Det går over om du får ungar. Eg ventar framleis på at det skal komme tilbake.

Anonym sa...

Jeg øver meg på å være mer oppmerksom på teksten. Tror jeg ville ha større glede av lesinga da. Men jeg lar meg lett rive med, og vips er boka ferdiglest.

Aina Basso sa...

Ja, men at ein let seg rive med er jo eit godt teikn. Då les ein iallfall bøker som fengar på eit eller anna plan.

Anonym sa...

Hos meg er det også bøker overalt...

Aina Basso sa...

Dei er som hybelkaniner.