Mette Karlsvik er intervjua av Flamme om sin siste roman Pol og ymse om skrivinga. Mellom anna blir ho spurt om ho er ein tematisk eller endåtil politisk romanforfattar. Kva ho svarer kan du lese HER.
Eg har tidlegare nemnt at eg har sansen for Mette Karlsvik som forfattar, sjølv om - eller kanskje særleg fordi - ho ikkje gjer seg så frykteleg tilgjengeleg. Det er tette tekstar, underfundige observasjonar, fine skildringar, tydelege bilete. Karlsvik blir av Samlaget omtala som ein av våre mest spennande forfattarar, og den beteikninga er vel fortent. Eg har tidlegare omtala hennar to tidlegare bøker. Vindauga i matsalen vender mot fjorden og Flytårn.
28. november 2008
Om tematikk og skriving
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar