26. november 2008

Elsk


Den galne Guten min Hug hev daara;
eg fanga sìt som ein Fugl i Snòra;
den galne Guten, han gjeng so baus;
han veit at Fuglen vil aldri laus.

Aa gjev du batt meg med Bast og Bende;
aa gjev du batt meg so Bandi brende!
Aa gjev du drog meg so fast til deg,
at heile Verdi kom burt for meg!

Ja kunde rett eg mi Runelekse,
eg vilde inn i den Guten vekse;
eg vilde vekse meg i deg inn,
og vera berre hjaa Guten min.

Aa du som bur meg i Hjarta inne,

du magti fekk yvi alt mitt Minne;
kvart vesle Hùgsvìv som framum dreg,
det berre kviskrar um deg, um deg.

Um Soli lyser paa Himlen blanke,
no ser ho deg! det er all min Tanke;
um Dagen dovnar og Skùmring fell:
skal tru han tenkjer paa meg i Kveld?

Um Vinden strid yvi Heidi susar,
det gule Haaret ditt visst han krusar;
um Regnet dryp med sin døyvde Graat,
so stakkars Guten, no vert du vaat.

Aa berre Timane vilde skride,
og berre Dagane vilde lide!
Men eg vil kveda og vera glad;
for um Sundag kjem han, trala, trala!

Frå Haugtussa av Arne Garborg

8 kommentarer:

Hilde sa...

Amen!

Elin sa...

Dette gjorde denne dumme dagen litt bedre. Takk!

Aina sa...

Berre hyggeleg :)
Dette er nok det vakraste kjærleiksdiktet eg nokon gong har lese. Denne umulege lengten, denne intense venten. Hm. Mm.

Lille søster sa...

Ja, dette er så flott! Er man i forelsket når man leser det, blir det ekstra flott.

Lille søster sa...

Det snek seg visst inn en i der... Skrikerungen sitter på fanget.

Aina sa...

Ja, ikkje sant!

Avil sa...

Berre at Sundagen aldri kjem.

Aina sa...

Men kanskje ein annan dag.