9. november 2008

Ei tjukk, fire tynne

Eg er tilbake frå Vikjo, full av gode kjensler og opplevingar.

Eg har snakka, endåtil lært meg Stordamål nesten flytande (riktignok med ei par øl innabords i både meg, lyttarane og rosarane), eg har lese, eg har lese opp, eg har lytta til opplesingar.

Eg har høyrt Rune Belsvik, nydelege, morosame, rørande Rune Belsvik, snakke om livet og skrivinga, lese eit tåreframkallande utdrag frå Tjuven, eg har høyrt Arnt Birkedal lese om den stillferdige Gauleviksguten, Erna Osland om kjærleiken mellom snigelen og spegelen, Ingelin Røssland om tøffe Engel Winge, Terje Torkildsen om like tøffe Marki Marco, Lars Amund Vaage om presten som drøymer om å bli pianist. Eg har høyrt Valkyrien Allstars, eg har flira og tulla og blitt kjent med kjekke folk. Og eg har treft Kristine Tofte!

Og så har eg fått nye bøker. To av dei på Stord, tre i postkassa då eg kom heim.
Eg har fått Gaulevik og Balladen om hålet i dørå av Arnt Birkedal.
Eg har fått Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie av Silje E. Fretheim.
Eg har fått to nye boksinglar frå Flamme.

Den eine kunne romma dei fire andre, men berre i storleik.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Godt å se at boka mi klarte å få plass i postkassa, og attpåtil sammen med andre bøker :-)
Angående spørsmål i tidligere kommentarfelt: Joa, naturligvis har jeg lest Jonathan Strange & Mr. Norrell av Susannah Clarke. Leste den da jeg var litt over halvveis i skrivinga av min egen bok, og det slo meg at her var ihvertfall én suksessforfatter med en enda tykkere bok enn min, og til og med med betydelig lengre og flere fotnoter ...

Aina Basso sa...

Tusen takk!
Eg kjente eg hadde lyst til å byrje og lese med ein einaste gong! Men ho må fint vente litt på tur. Trur eg.

Skal sjå om eg ikkje får sendt mi i morgon!

Tenkte meg at Jonathan Strange & Mr. Norrell var noko du ville lese :) Og no er eg forresten sikker. Vi studerte arkeologi samtidig.

Avil sa...

Det var veldig, veldig kjekt å møte deg. Og du les så fint. Fine dama, fine boka, fine stemma. Fint alt saman.

Aina Basso sa...

Mm. Takk!
Det var så fint å treffe deg, òg, at! Eg gler meg til eg skal lese boka di og høyre deg lese boka di.