27. november 2008

Dagens låt: Eat Yourself

Eg oppdaga Goldfrapp i 2001. Ei venninne og kjærasten, som eg spelte i band med på den tida, hadde vore på Kafé Ni Muser i Trondheim og høyrt fantastisk musikk. Det viste seg å vere Goldfrapps første plate Felt Mountain.

Eg hugsar vi øvde i ein kjellar på Singsaker på den tida, og eg fekk overlevert ein minidisk som venninna mi hadde teke opp til meg, med nettopp Felt Mountain. Eg lytta ikkje noko særleg på han før sommaren det året, då eg reiste på interrail saman med han eg budde saman med.

Og det var på toget nedover Europa eg blei forelska. På heimturen stansa vi i München, og eg hugsar berre tre ting frå den byen: Rådhuset, at eg ville heim og at eg kjøpte Felt Mountain på ein diger platebutikk. Det kjentest viktig. Som ein skatt eg hadde funne.

Seinare har Goldfrapp gitt ut tre plater. Dei to i midten har eg òg, men dei er i ein annan sjanger, meir dansbar elektro-pop. Men så kom altså Seventh Tree i år, og det kjennest som om dei er tilbake. Og låten under er ein av dei aller finaste frå den plata, tittelen til trass.

If you don't eat yourself
No doubt the pain will instead


4 kommentarer:

Lille søster sa...

Nydelig!

Lille søster sa...

Og du oppdaget dem så tidlig! I hvert fall i forhold til meg.

Aina Basso sa...

Jau, men eg fekk veldig god hjelp.
Og etter denne dagen har den same venninna forsynt meg med dei aller fleste nye favorittartistane mine! Det er kjekt å ha nokon som har oversikt!

Anonym sa...

Jeg har lyst til å sette inn en av favorittene mine av Nina Simone i det mer humoristiske hjørnet. Helt fantastisk

http://www.youtube.com/watch?v=GxM0izOy90Y