5. oktober 2008

Ungdomsskulen revisited

dårleg oppløysing, fint likevel
Kall det gjerne research, kall det nostalgi, kall det nyfikenheit. Kall det å bli kjend med seg sjølv, den ein var for eit halvt liv sidan, kall det kva som helst. Det er igrunnen ikkje det som er poenget. Poenget er at eg, ettersom eg blei raskt i beit for lesestoff i helga, har lese oppigjen to av ungdomstidas - nærare bestemt fjortistidas - yndlingsbøker.

Eg har vore med i bokklubb så lenge eg kan hugse. Det byrja med raude marihøner, fortsette med blå (eller var det omvendt?), og gjekk deretter over til ingen i det heile, berre fine, tøffe bokomslag på månadens bøker frå Ungdomsbokklubben. Mange fortel at dei aldri har lese ungdomsbøker, ikkje eingong då dei var ungdomar. Ikkje slik med meg. Eg las alt muleg. Inkludert bøker skrivne for meg, for mi aldersgruppe, bøker som tok opp spørsmål eg kunne tenkast å stri med, spørsmål eg kunne hamne borti og burde vite noko om.

Mange kan ein vel kalle problemromanar. Bøker som tek opp vanskelege ting, som mobbing, etevegring, incest, foreldre som skil seg, den første kjærleiken, seksuell debut, valdtekt, gruppepress, dop, alkohol, og så bortetter og bortetter. Nokre av problemromanane er gode, andre er det ikkje. Eg trur dei eg las var av dei betre, men eg var ikkje sikker, og sette meg føre å finne det ut.

Den første eg las oppigjen var Månefeen av Kjersti Scheen. Månadens bok ein gong i 1993, og vinnar av Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur same året. Eg var 14. Boka handlar om tenåringsjenta Cindy (eig. Signe), som utviklar anoreksi. Boka tek føre seg dei mekanismane som fører til anoreksi, eit komplekst og samansett bilete. Eg syntest forfattaren viste god psykologisk innsikt, og for meg verkar sjukdomsskildringa og -forløpet realistisk, utan at eg kan vite dette sikkert. Boka inneheld sjølvsagt også ei komplisert kjærleikshistorie og ein hovudperson ein kjenner seg igjen i og føler med. Familien er skildra på ein balansert måte. Karakterane er ikkje anten slemme eller snille, dei er mangefasetterte, slik menneske plar vere.

Den andre eg las var Abby, min elskede av forfattarparet (Lee) Hadley og (Ann) Irwin, med eit nydeleg, grufullt åttitalsomslag i pastellakvarell. Denne boka fekk eg til jul av far min då eg var tretten. Han hadde plukka ho ut sjølv i butikken, eller rettare sagt, han hadde gått til ei som jobba i bokhandelen, forklart at han skulle kjøpe ei bok til si tretten år gamle dotter, og ho hadde kome med denne. Abby, min elskede er av mange skildra som den sterkaste boka om incest dei har lese, og ei dei hugsar godt frå ungdomstida. Boka kom første gong ut i 1985 og eg vil karakterisere henne som ei bok for ungdomar/ unge vaksne. Det flyttar ei ny jente til nabolaget, og Chip blir forelska. Ho er frå ein ressurssterk familie, ho er flink på skulen og ho er veldig vanskeleg å bli klok på. Etter kvart som åra går utviklar Abby og Chip eit forhold, og til slutt kjem det fram at det ligg noko meir bak orda når far hennar seier "Abby er min". Noko av det fine med denne boka er at hovudpersonen er ein ung gut, og at historia blir sett gjennom hans auge. Det gjer kanskje også at boka ikkje berre blir ei "jentebok", slik mange bøker blir.

Begge desse bøkene vil eg karakterisere som truverdige, som vare skildringar av vanskelege situasjonar. Eg hugsar det som eg vaks litt av å lese desse bøkene, då eg var i rette alderen. Eg trur difor dette er bøker eg kan tilråde andre jenter i ungdomsskule-/ vidaregåande alder, særleg fordi bøkene i tillegg til å ta opp eit vanskeleg tema, også har eit driv i form av ei spennande (om enn ganske føreseieleg) kjærleikshistorie og - for å seie det rett ut - ein lykkeleg slutt.

Det er lett å sjå desse bøkene i samanhang med ei anna av mine ungdomsfavorittar, nemleg Speilet fanger av Kari Bøge. Eg vil seie at alle desse tre bøkene held eit visst nivå, som gjer at dei også kan lesast som vaksen. Så framt ein ikkje har noko imot ungdomsbøker, då. Noko eg openbert ikkje har.

2 kommentarer:

kristine sa...

Jeg leste alle Hadley Irwin bøkene som hadde kommet ut inne jeg gikk ut av ungdomsskolen. Jeg synes "Abby, min elskede" hadde en fantastisk fin forside. Men til tross for at jeg leste mange Hadley Irwin bøker ble jeg skuffet hver gang, fordi de var så problemfylte. På den annen side vet jeg om venninner som hadde stor trøst i å lese bøkene.

Jeg husker at jeg allerede den gangen tenkte at forfatterinnene Hadley Irwin var litt for politisk korrekte fordi de skulle belære ungdommen om vanskelige saker. I dag er jeg fortsatt skeptisk til forfattere som bare skriver problemlitteratur for ungdom. Det er nok nødvendig med den type litteratur, men jeg skulle ønske at det var motivasjonen om god litteratur og ikke bare et plikt løp for vanskelige ungdommer. Det er nemmelig det jeg sitter igjen med som inntrykk.

Aina Basso sa...

Ja, kanskje du har rett. Men det funka på meg. Eg hadde berre godt av å lese "problemromanar". Det er jo ikkje noko verre enn det Margrethe Munthe prøvde på i si tid.

Omslaget var nok veldig fint då det kom ut, ja. Men i ettertidas grelle lys minner det meir om kioskromanforsider enn kunst. Berre at kioskromanforsidene er endå litt meir åttitals og openbert billegare i produksjon.