20. oktober 2008

Tidsriktig

Det er veke 43.
Eg vurderer sterkt å låne Uke 43 av Hanne Ørstavik på biblioteket på veg heim. Og, ideelt sett, lese boka i løpet av denne veka.
Klarer eg det? Er det nokon vits å låne boka viss eg ikkje klarer det? Kor får eg alle desse fikse ideane ifrå?

4 kommentarer:

Jarle sa...

Synest du er for streng med deg sjølv. Ta det litt meir laid back. Kanskje heller satsa på Agnes Ravatn: Veke 53, når den tid kjem . . .

Aina sa...

Haha.
Det trur eg blir vanskeleg å gjennomføre, reint praktisk. Dessutan er det allereie for seint, boka er lesen.

Lille søster sa...

Du rekker sikkert å lese Uke 43 denne uka. Jeg synes i hvert fall å huske at den var lett å komme gjennom. Det blir spennende å høre hva du synes om den. Det er alltid litt slitsomt å lese Ørstavik, synes jeg. Særlig fra denne boka og utover. Personene er så aggressive og uforsonlige.

Aina sa...

Ja, eg får det nok til, spørsmålet er om det er fengande nok til at motivasjonen er der. Utover det morosame i å gjennomføre ein fiks idé, altså.

Har berre lese ei bok av henne før, den likte eg ganske godt, meiner eg å hugse. Men ho var ganske tung, ja. Ikkje akkurat lystig lesing.