27. oktober 2008

I arbeidsleiren

Ikkje lenge etter såg eg berre det eg ville sjå, høyrde det eg ville høyre. Såg sommar, såg eple, såg inn i epla, høyrde dei vekse, vide seg ut, lyden av natt, epleknak i måneskin, høyrde epla eldast og ikkje lenger det som hende rundt meg, for det var det same kvar gong. Ein som sa noko, menneske som vart talde, rapportar som vart innleverte, ordrar som vart gjevne, nokon som vart peikte ut, nokon fortvilte som skreik til, jamring eller eit skrik av raseri, lyden av slag, hole dunk, sår gråt.

Utdrag frå Eit vintereventyr av Jan Roar Leikvoll, Samlaget 2008.

6 kommentarer:

Hilde sa...

Fint utdrag. Her kjem kontrastane tydeleg til syne!
Får lyst å lese boka ein gong til.

Aina sa...

Eg fall særleg for

såg inn i epla, høyrde dei vekse, vide seg ut, lyden av natt, epleknak i måneskin, høyrde epla eldast

Eg har ikkje kome så langt enno, berre til side 33. Kjende det var rett å byrje med denne boka no. Det er best å ta det på magekjensla. Korleis har du det i dalen din?

Hilde sa...

Ja, det er nydeleg skrive.
Eg har det kjempefint i dalen. Nett vore på tur med hestane mine. Snart skal eg leite fram saueklippemaskina.
Og i dag kom fyrste snøen!
Deilig.

Aina sa...

Å, snø allereie? Ja, det kjem vel tidlegare oppe i dalen. Du må kose deg med hestar og sauar og natur og familie!

Eg trur eg skal lage meg ei ny kanne te. Det er så koseleg å lage te i kanner og ikkje krus. Einig?

Ståle sa...

Vakkert og sårt. Fikk lyst til å finne fram til den boka...

Aina sa...

Ståle, det synest eg du skal gjere! Dette er ei av haustens sterkaste bøker, frå ein av haustens beste debutantar. Eit vintereventyr har ikkje fått særleg anna enn ros i media, heller. Eg tilrår denne boka på det sterkaste!