31. oktober 2008

Full fest på Flamme

Eg gjekk forbi Flamme på veg til jobb i dag, eg gjer av og til det, det ligg på vegen. Eit blikk inn vindauga viste at festen i går var vellykka. I det skyme lokalet stod to bord fulle av tomme ølbokser, nokre gløgglas her og der, eit avtrykk av noko lunt i minnet.

Vi blei møtt av klemmar, raudvinsgløgg, mykje folk. Endå fleire folk. Stappfullt med folk. Vi stod som sild i tønne, ja, eg meiner det heilt bokstaveleg, bortsett frå at vi sjølvsagt ikkje var sild, og lytta til velkomstdikt frå Nils-Øivind Haagensen, opplesingar av først ein ung debutant på 20 år, som eg dessverre ikkje hugsar namnet på, langopplesing av Paal Bjelke Andersen og til slutt "Frank Lande", som viste seg å vere ei jente som heiter Siri, med hjelp av ei jente som heiter Pia.

Etterpå var golvet fritt, som det heiter. Vi stod litt mindre tett, men framleis ganske tett. Vi høyrte på åttitalsmusikken til Nils-Øivind, drakk øl og hadde det aldeles ypparleg. Det var fint å vere på Flamme. Det var så fint at det nesten ikkje kunne blitt finare.

4 kommentarer:

mette sa...

tenk om noen spelte opp til dans og ein kunne svaie att og fram eller nikke med hovudet!

Aina sa...

Å, ja Mette!
Det hadde vore fantastisk!

Lille søster sa...

Dette hørtes fint ut!

Aina sa...

Det var det. Fint og fullt :)