3. oktober 2008

En rekke avbrutte forsøk på flyet

Som eg har skrive mange gongar, er eg oppteken av kva lesestoff eg tek med meg når eg skal ut og reise. Det er ikkje tilfeldig at eg er så oppteken av det. Den boka ein vèl å ta med seg på flyplassen, toget og turen vil vere den einaste tilgjengelege - og avgjerande for om ein les boka ein har med eller kjøper seg naudkrim eller skinande vekeblad på kiosken. Og eg liker betre å lese boka mi.

Eg skal heim ein tur i helga, og kjenner meg svært nøgd med reiselektyren. Boka er lett og underhaldande, forhåpentlegvis morosam på ein relativt intelligent måte, ho er ikkje for tung å drasse på og har eit fint omslag (det plar ikkje vere eit kriterium, men det skadar ikkje, heller).

Eg vart første gong merksam på denne boka då eg høyrte Selma Lønning Aarø lese frå henne på Bokfesten i Operaen for nokre veker sidan. Eg anser det som sannsynleg at det er fare for høglytt humring på flyet.

5 kommentarer:

Tove sa...

Det vil eg og tru er sannsynleg. Eg likte denne godt. God flytur!

Aina Basso sa...

Den einaste innvendinga eg har mot denne boka er at det tek altfor kort tid å lese henne. Eg koste meg glugg i hel!

Aina Basso sa...

... og eg lo høgt på flyet. Det plar eg ALDRI gjere.

Anonym sa...

Jeg blir fristet og legger den i huskelista mi.

Aina Basso sa...

Gjer det! Passar ypparleg på fly, tog, buss, strand, hyttetur, kafé (ikkje ein altfor überkul ein, der du ikkje tør å le høgt), i senga, ved kjøkenbordet, osb, du skjøner teikninga. Det er ei lett, underhaldande bok, lett utan å bli uintelligent.