Fullmoge gras legg støv kring hoftene
i det eg går over markene
mot den djupe hølen
der bjørka tøyer seg utover
kler eg meg naken og stig ut
spreier armar og føter
og flyt så stilt eg kan
Vatnet lepjar til seg grasfrøa
løyser dei frå den bindande sveitten
sender dei ut i gylne striper på vassflata:
Krumme samlingar som driv med straumane
kvervlar langsamt i bakevjene
På land ligg ein blå handduk
falda ut under høg mjødurt
Den minste rørsle vinden gjev
vil sende det lyse mjølet ut
Ein augeblunkssverm gjennom lufta
som landar og legg seg djupt
inn i det blå stoffet som ventar
på å få slutte seg om kroppen
Eg flyt så stilt
Dette er det stillaste eg kan flyte
Øyra søkk under
ned i hjarteslag og andedrag
Elva si røyst går svalt kring meg
blandar seg med blodet sin rytme
pulsen si varsame takt
Dette er lyden av ventnad
dette er lengten sitt todelte lydspor
Eg blundar og er eit foster
i det mjuke våte grenselandet
mellom ein og to
Frå Søkk av Hilde Myklebust (Samlaget 2008)
25. september 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Nydelig dikt. Må snart skaffe meg den samlinga.
Har du sett http://www.bokprat.com/forum/forumdisplay.php?f=21
Boka di skal leses på forumet i oktober,
Lille søster:
Mange nydelege dikt i den samlinga, og sterke dikt.
CM:
Så gøy! Det var jammen ikkje verst. Blir spennande å høyre reaksjonane. Du får gi eit vink når debatten er i gong :)
Denne diktsamlinga er ei svært god, djup og vakker bok. Kan eg på det varmaste anbefale! JR
kjære aina, eg beklagar at eg ikkje sa i fra om mono. det skulle eg ha gjort, og ville gjort det om eg tenkte meg om! eg ønsker jo at du var der! eg håpar også at du kjem deg til skogen snart.
eg håpar også at hilde les dette og ser at hovudstaden ventar på ho og tek i mot ho med vidopne armar!
Du får gjere det neste gong, i staden! For eg hadde likt veldig godt å vere der, og eg vurderte det, men det stod ikkje at du skulle dit på Mono då eg sjekka det!
Eg håper også eg kjem meg på skogen! Og så blir det kjekt når Hilde kjem til storbyen for å dikte, som det stod i avisa :)
Legg inn en kommentar