9. september 2008

Reisa tilbake

Kari Bøge
Eg fann Speilet fanger på min lokale biblioteksfilial i går - så vidt. Eg fortalde den hyggelege bibliotekaren at boka hadde vore ein av favorittane mine som tretten-åring, og at eg blei nyfiken på ho igjen, etter å ha lese eit intervju med Kari Bøge i Morgenbladet, i samband med den nye boka hennar Komponisten. Han spurte om det var siste utgåva av Morgenbladet, og unnskulda den manglande kunnskapen sin om dette med at han ikkje var komen så langt i lesinga enno.
Han likna litt på Paal-Helge Haugen av utsjånad, og eg kjende at det var godt.
Eg liker å tilhøyre ein lokal filial, eg liker at menneske vier liva sine til bøker og formidling av litteratur, eg liker bibliotekarar og eg liker biblioteket.

Så las eg nesten heile boka i går kveld, og eg skjøner kva eg likte, korfor ho trefte så godt. Hovudpersonen er både sterk og usikker, ho er annleis - og vekslar mellom å ville vere det og å mislike det. Der er ein del gode skildringar av tilstandar og opplevingar, men òg ein del på det språklege planet eg ikkje liker like godt, men som sikkert fungerte då eg var i rette alderen.

Eg har alltid lese oppigjen bøkene eg elska då eg var yngre. Anne fra Bjørkely eit dusin gongar, Skygge-bøkene til Maria Gripe, bøker av Roald Dahl og Astrid Lindgren. Men der er ein del ungdomsbøker som har fått stå i fred i hylla. Eg trur eg skal plukke dei fram når eg er heime på besøk. Lese dei igjen, og finne ut kva dei er for noko.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg liker Skyggebøkene like godt nå som da jeg var tenåring.
Og fint at "Speilet fanger" fortsatt holdt seg.

Aina sa...

Då har vi ganske lik smak :)
Skyggebøkene les eg stadig vekk. Kjenner det snart er på tide med ein ny runde! Trur dei skal få vere med i kofferten neste gong eg er heime.

Anonym sa...

Anne fra Bjerkely, ja den tittelen var det noe kjent med, uten at jeg husker boken. Tror det kan ha vært en av bøkene min moder har hatt fra hun var ung, og som jeg også leste i samme alder...

Godt skrevet forresten, Aina!! Egen blogg og greier!
Men hvordan i all verden har du fått tid til å lese så mye hittil i år (jeg får nesten bakoversveis)?
Tror jeg får tenke alvorlig på å kjøpe det eksemplaret av oppgaven din som jeg fortsatt har til låns... du er jo blitt kjendis! Det har jeg i grunnen hatt i tankene i lang tid, for den er veldig interessant.
Hvor mye koster din nypubliserte forresten? Skal jeg gjøre litt ekstra PR ved å etterspørre boken din i bokhandlene her ute, kanskje?
LMG

Aina sa...

Nåja, kjendis var å ta VELDIG hardt i. Men du må gjerne kjøpe oppgåva. Du får henne for ein tjuar ;)

Boka kostar 229,- og du må gjerne få bokhandlane ute i der til å ta henne inn, om dei ikkje allereie har gjort det! :)

Når det gjeld lesinga, så er det kanskje litt enklare for meg å få tid til det, enn for deg? I tillegg har eg vel litt over gjennomsnittet interesse for både lesing og skriving. Hjelper, det og!