25. september 2008

Poesi i posten

Kva er kjekkare enn å kome heim på ein skikkeleg fin, svart retrosykkel med store hjul, med nybakt brød i korga, i sola på ein nydeleg haustdag? Jau, å få ein pakke poesi i posten, sjølvsagt!

Innhald:
Paal-Helge Haugen: Steingjerde
Hilde Myklebust: Berre dagar seinare
Hilde Myklebust: Søkk

4 kommentarer:

Hilde sa...

Oi! Og så saman med Paal-Helge, då! Dette var stas å sjå.

Aina Basso sa...

Ja, men du og han høyrer jo litt saman, de? :)

No har eg lese Søkk. Mmm. Måtte lese to gongar! Og så posta eg eitt av dei mange dikta som trefte meg. Eg trur eg valde nett sverm fordi ho er åleine i det. Fordi det skjer noko som ikkje er avhengig av eit anna menneske.

Lille søster sa...

"Søkk" har så fint cover. God lesing!

Aina Basso sa...

Ja, det er heilt nydeleg! Vi får merke oss namnet på illustratøren, som eg sjølvsagt ikkje hugsar akkurat no, men han er frå Blæst design.