27. september 2008

Famlinga

"gripe varsamt, prøvande, usikkert"

Eg famlar rundt i teksten. Prøver meg fram, prøver meg fram igjen. Alder, form, tid, grep.
Eg liker ikkje å famle. Eg liker å finne, finne ut, ha noko klart, vite kva veg eg vil gå. Eg eignar meg ikkje som famlar. Eg er rett på sak, bestemmer meg fort, veit kva eg vil.
Ikkje no. Veit ikkje. Orkar ikkje prøve, heller, ikkje i dag. Håper det dett ned i hovudet på meg snart. At det plutseleg losnar.

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, det kan være frustrerende når alt ennå er uklart. Og så deilig når det endelig løsner!

Aina Basso sa...

Ja, absolutt!
Eg trur det einaste eg kan gjere er å la det gå sin gang. Halde meg unna skrivinga ei stund, til eg plutseleg er på sporet igjen. Det er det som er godt med å skrive ved sida av jobben. Det er ingen hast, ingen tvang, inga plikt!