18. september 2008

Endeleg både det eine og det andre

To timar og tjue minutt etter oppsett reisetid fekk flyet endeleg lette frå Stavanger lufthavn Sola, og førti minutt seinare var eg i heimlege trakter.

Dette er nemleg jenta si som har vore på konferanse i ein koseleg oljeby, men som no kjenner at det er godt å vere tilbake i eiga leilegheit der ein ikkje står i fare for å bli oppvekt klokka tre om natta av ein brannalarm som ringer og ringer i det ubetente Apartement-hotellet ho er blitt plassert på, eit stykke frå hotellet der alle dei andre er, å måtte raske på seg noko, stige i sko, ta med telefon for å ringe brannvesenet som kjem av seg sjølve, vente utanfor i kulda saman med bleike sovefjes med skjelvande kroppar i ein by ein ikkje kjenner, litt tissetrengt, for så å få beskjed om å gå og legge seg igjen, det var ingenting, berre ein uidentifisert, naken mann som hadde trengt seg inn i rommet til ei kvinne som fekk panikk, og etterpå ligge i senga med adrenalin pumpande i kroppen, høg puls, ikkje få til å sove, skvette til ved den minste lyd.

Endeleg heime. Endeleg framme.
Endeleg internett igjen, endeleg snart helg, endeleg leseoppdrag i vente.
Endeleg både det eine og det andre. Endeleg snart gå og legge seg.
Og endeleg bok i postkassa, signert av forfattaren sjølv, ein av haustdebutantane på Samlaget, Jan Roar Leikvoll.
Endeleg Eit vintereventyr.

2 kommentarer:

Hilde sa...

Gled deg!
Eller, kva ord skal ein bruke, eigentleg. "sjå fram til", er vel betre. For her har du ei stor og annleis lesaroppleving føre deg. Til tider fråstøytande lesnad. Og i neste sekund djupt poetisk!
Ein i BT brukte ordet "Filleriste". Eg vil legge til: "Mørbanka"
Sånn var det eg kjente meg etter å ha lest "Eit vintereventyr".

Aina Basso sa...

Jau, eg gler meg - og gruer meg litt, òg. Eg reknar med det blir ei sterk og kanskje opprivande leseoppleving.